Hopp til innhold

Berre nokre bussvrak mellom dei og krigen

I Aleppo er det meste knust i småbitar. Bygg er raserte, bydelar ligg i ruinar og tusenar har flykta. Dei folka som er att i byen tek i bruk det dei har for å unngå å bli skotne.

SYRIA-CRISIS/ Civilians walk near upright buses barricading a street, which serve as protection from snipers loyal to Syria's President Bashar al-Assad, in Aleppo's rebel-controlled Bustan al-Qasr neighbourhood

Tre oppstilte bussar skal beskytte dei som lever bak barrikaden mot snikskyttarar.

Foto: AMMAR ABDULLAH / Reuters

SYRIA-CONFLICT

Øydeleggingane i Aleppo er enorme. Her frå bydelen Hamidiyeh.

Foto: GEORGE OURFALIAN / Afp

I eit opprørskontrollert område i den syriske byen Aleppo er to raude og ein gul buss vippa over, slik at bussens frontruta peikar mot himmelen. Dei tre bussane står tett saman og skal beskytte mot skot frå fienden.

– Ingen elektrisitet, mat eller vatn

Bileta av dei tre bussane fortel litt om korleis dagleglivet i den historiske byen har blitt. Bak bussane prøver folk å leve sine liv, men frykta er stor for at snikskyttarar frå det syriske regimet skal treffe dei.

MIDEAST-CRISIS/SYRIA Barrier built using damaged buses, erected by rebel fighters of al-Jabha al-Shamiya, which serves as protection from snipers of the forces of Syria's President Assad, is seen in Aleppo

Den syriske borgarkrigen har herja i Aleppo i fleire år, og det siste året har ein stillingskrig prega byen. Det har sett sine spor.

Foto: STRINGER / Reuters

– Dei sivile som bur i dei opposisjonskontrollerte områda av Aleppo lever under sørgjelege forhold. Dei har ingen elektrisitet, vatn eller mat, fortel Norges Røde Kors sin landsansvarlege, Ola Ulmo på telefon frå hovudstaden Damaskus.

Snikskyttarar og luftangrep

Rundt ein million menneske har flykta frå byen, medan det framleis er rundt to millionar som ikkje har reist frå Aleppo.

Det er opprørsstyrkar som har sett opp bussar som barrikadar, noko som er gjort fleire stader i byen. I enkelte område av Aleppo kan det vere livsfarleg å bevege seg ute i gatene.

– Om du er i eit område som er kontrollert av opposisjonen er det ein del interne stridar som fører til at det er pågåande kampar i store delar av byen. I områda som er kontrollert av regimet er det mogleg å bevege seg. Men om ein kjem nær frontlinjene er det fare for snikskyttarar, og regimet gjennomfører også angrep frå lufta, seier Ulmo.

SYRIA-CRISIS/ Buses barricading a street, which serve as protection from snipers loyal to Syria's President Bashar al-Assad, are pictured in Aleppo's rebel-controlled Bustan al-Qasr neighbourhood

Fleire stader i Aleppo vert bussar sette opp for å skjerme mot snikskyttarar.

Foto: AMMAR ABDULLAH / Reuters
MIDEAST-CRISIS/SYRIA People walk past a building where damaged buses are positioned as barricades to provide greater protection from snipers of the forces of Syria's President Assad in Aleppo's Bab al-Hadeed district

Bak bussane prøver folk å leve liva sine i ly for krigen.

Foto: STRINGER / Reuters

– Aleppo er ein viktig by å ta

Han meiner Aleppo er ein strategisk viktig by, og at den gruppa som klarer å få kontroll over byen, om nokon klarer det, vil ha vunne ein viktig kamp i den syriske borgarkrigen.

Men på vegen mot ein eventuell siger til ei av gruppene har mange liv gått tapt, og det ser ut til at også mange liv vil gå tapt i Aleppo også i tida som kjem.

I Syria elles er det også pågåande kampar i Aleppos naboby Idleb, der opprørarar nyleg gjekk til angrep, og i flyktningleiren Yarmouk i utkanten av Damaskus skal terrororganisasjonen Den islamske stat ha gjennomført fleire angrep i påska. Desse angrepa har ført til endå fleire flyktningar og tapte menneskeliv i det krigsherja Syria.

SISTE NYTT

Siste nytt