Hopp til innhold

Lukkeleg skilde - mot alle odds

Sveitsiske legar greidde i desember å skilje dei åtte dagar gamle siamesiske tvillingane Lydia og Maya i ein vellukka operasjon. Sjansen for at operasjonen skulle vere gå bra var på førehand sett til ein prosent.

Siamesiske tvillingar skilde.

Lydia og Maya var berre åtte dagar gamle då dei vart skilde frå kvarandre i ein operasjon.

Foto: ꯍ�, INSELSPITAL BERN/HANDOUT / Epa

Det har aldri tidlegare vore ein vellukka siamesisk operasjon av så små born.

Dei to jentene var samanvaksne ved levra og i brystet, men hadde kvar sitt av alle dei viktigaste organa i kroppen. Legane hadde eigentleg tenkt å vente til dei var nokre månader gamle før dei ville operere, men så vart jentene alvorleg sjuke. Då vart det bestemt å gjere eit forsøk på å skilje dei straks, melder BBC .

2,2 kilo til saman

Lydia og Maya før operasjonen.

Slik såg Lydia og Maya ut før operasjonen. Då vog dei 2,2 kilo til saman.

Foto: ꯍ�, INSELSPITAL BERN/HANDOUT / Epa

Den eine jenta hadde for mykje blod og svært høgt blodtrykk. Den andre hadde tilsvarande for lite blod.

Det var eit medisinsk lag på 12 personar som gjennomførte operasjonen, som på førehand var gitt berre ein prosent sjanse til å bli vellukka. Dei heldt på i fem timar, og mot alle odds vart operasjonen ein stor suksess.

Lydia og Maya vart fødde åtte veker før tida på Inselpital-sjukehuset i den sveitsiske hovudstaden Bern 2. desember. Operasjonen gjekk føre seg 10. desember.

Ved fødselen vog dei to jentene berre 2,2 kilo til saman, men rapportane frå sjukehuset fortel at dei no får brysthjelp, og at dei veks og legg på seg.

I ei fråsegn frå sjukehuset heiter det at Lydia og Maya framleis er små for alderen, men at det går rette vegen.

Trillingar

Dei to jentene er faktisk ikkje tvillingar, men to tredelar av ein trillingtrio. Den tredje var frisk frå fødselen og har utvikla seg normalt heile tida. Det er uklart om det er ein gut eller ei jente.

Leiaren for sjukehusavdelinga som gjennomførte operasjonen, Steffen Berger, er naturleg nok stolt av folka sine.

– Eit perfekt samarbeid mellom legar og sjukepleiarar frå ulike fagfelt var nøkkelen til suksess. Vi er glade for at både borna og foreldra har det bra no, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt