Det var 14. februar i år at ein sjølvkøyrande Lexus RX450h, som dreiv testkøyring, køyrde inn i ein buss. Lexusen heldt ei fart på 3–4 kilometer i timen, medan bussen køyrde i vel 20 kilometer i timen, melder Reuters.
Det skjedde medan den sjølvkøyrande bilen prøvde å køyre unna nokre sandsekkar som låg i ei brei gate i The Mountain View, der Google har anlegget sitt for utvikling av denne teknologien.
Skifta ut programvare
Google seier at dei no har skifta ut programvara i testbilen, for å unngå at liknande ting skal skje i framtida.
Testbilen «trudde» at bussen ville sleppe Lexusen forbi, eller setje ned farta. Det gjorde altså bussen ikkje, og det enda med at den sjølvkøyrande bilen køyrde inn i støytfangaren på bussen. Ingen vart skadd.
Det var ein testkøyrar om bord i Lexusen, men han vurderte situasjonen på same måte som roboten og eller datamaskinen som var «bak rattet»
I ei fråsegn frå Google heiter det følgjande:
«Vi har eit klart ansvar, fordi om vår bil hadde stått stille, så hadde ikkje kollisjonen skjedd».
Restriksjonar
Google har kritisert styresmaktene i California for å ha foreslått restriksjonar på testing av sjølvkøyrande bilar. Her går dei inn for at alle bilane skal ha ratt og bremser, og at ein person med førarkort må vere med i bilen for å gripe inn om det er naudsynt.
Ifølgje Google er dette første gong ein av dei sjølvkøyrande bilane deira har vore blanda inn i ein kollisjon.
Rett nok opplyste Google i november i fjor dei at dei sjølvkøyrande bilane har vore blanda inn i 17 mindre uhell i løpet av dei seks åra dette prosjektet har halde på, men at det aldri har vore «bilen» sin feil.