Hopp til innhold

Krass kritikk etter dødsulukke – Gröna Lund stenger attraksjon for godt

Berg-og-dal-banen Jetline skal verte demontert så snart det er mogleg.

Jetline på Gröna Lund

Ei kvinne døydde etter ulukka på berg-og-dal-banen Jetline.

Foto: Marko Saavala / TT/AP

Den svenske Havarikommisjonen kjem med sterk kritikk mot fornøyelsesparken Gröna Lund i Stockholm etter ei ulukke sommaren 2023.

Det kom fram på ei pressekonferanse fredag, som SVT viste.

Ulukka skjedde 25. juni 2023. Ein berearm på undersida av den fremste vogna knakk, og gjorde at heile toget bråbremsa. Fleire passasjerar vart kasta ut av toget, og ei kvinne i 30-åra omkom.

Det var fleire feil som førte til ulukka, mellom anna på systemnivå, meiner Statens havarikommisjon.

Dei konkluderer mellom anna med at:

  • fornøyelsesparken ikkje hadde gode nok metodar for å identifisere risikoar i parken.
  • det ikkje var tydeleg nok kven som hadde ansvaret for sikkerheita.
  • sveisearbeidet ikkje var bra nok, og at det mangla ein viktig del av konstruksjonen.
  • sikkerheitsbøylane verka ikkje som de skulle.

– Det handlar om mangelfullt sveisearbeid med omfattande bindefeil, altså at materialet ikkje smelta saman ordentleg.

Det seier generaldirektør John Ahlberk under pressekonferansen, ifølge SVT.

Etter ulukka vart ein mann sittande og venta på å komma seg ned.

– Ein må gjennomføra fleire tiltak for å minska risikoen for at noko liknande skal skje igjen, seier han vidare.

Stenger for godt

På ein pressekonferanse fredag seier Gröna Lund at dei stenger berg-og-dal-banen Jetline for godt på grunn av ulukka.

– Han skal verte demontert så snart det er mogleg, seier direktør Jan Eriksson ifølge SVT.

Ifølge Eriksson oppstod feilen fordi ein underleverandør som skulle gjera arbeid på banen, gav oppdraget vidare til ein annan bedrift.

Då gjekk dei bort frå originalteikningane, seier Eriksson ifølge den svenske rikskringkastaren.

Banen har vore stengd heilt sida ulukka, og det var allereie bestemd at han skulle vere stengd heile 2024.

Jetline vart teken i bruk i 1988. Han er 30 meter høg og 800 meter lang.

Nokre dagar etter ulukka vart det kjent at ulukkesvogna vart inspisert berre få timar før dødsulukka.

– Det er ikkje noko som tyder på at ulukka skjedde på grunn av manglande nøyaktigheit eller at kontrollen ikkje vart gjennomført, sa administrerande direktør Jan Eriksson i Gröna Lund då.

– Skal aldri få skje igjen

– Me har medverka til utgreiinga fullt ut. Det er viktig at ulukka vert granska ordentleg, både for dei råka og deira pårørande, og for oss som jobbar på Gröna Lund. Noko liknande har aldri skjedd før og skal aldri få skje igjen.

Det skreiv Eriksson i ei pressemelding tidlegare fredag, ifølge Expressen.

Vidare seier han at dei ser veldig alvorleg på ulukka, og at Gröna Lund i etterkant har sett at dei kunne hatt betre kontakt med og overvaking av underleverandøren som gjorde sveisearbeidet.

Les også Ein person død og en alvorleg skadd etter at berg-og-dal-bane spora av i Sverige

Politibiler og politifolk ved fornøyelsesparken Gröna Lund i Stockholm.

Ifølge Eriksson sette dei sjølve i gang ei utgreiing av ulukka med ein gong, som allereie har ført til endringar.

– Me har allereie gjort fleire tiltak for at noko liknande aldri skal kunna skje igjen.

Politiet etterforskar

Samstundes med at Havarikommisjonen har undersøkt saka, har òg svensk politi gjort si eiga etterforsking av hendinga.

Det vart tidleg klart at dei hadde mistanke om mellom anna aktlaust drap og aktlaus kroppsskade.

Frå tidlegare er det kjent at to selskap – mellom anna Gröna Lund – er mistenkte for lovbrot. Namnet på det andre selskapet har ikkje vorte offentleggjort.

Etterforskinga er langt frå ferdig, seier aktor Christer Jarlås i ei pressemelding, ifølge Expressen.

Òg politiet får kritikk i rapporten frå Havarikommisjonen, skriv avisa. Det er nemleg politiet som har ansvar for tilsyn av fornøyelsesparkar i Sverige.

Havarikommisjonen er kritiske til korleis dei offentlege tilsyna av fornøyelsesparkar vert gjennomførte, og har komme med fleire tilrådingar til politiet.

Donald Trump holdt den første valgkamptalen etter at Kamala Harris ble Demokratenes presidentkandidat

Trump: – Kamala, du har sparken

Bilete av Kamala Harris med neongrønfarge og skrifta "brat".

Slik frir Harris til de unge: – Dette er verktøy som mobiliserer veljarar

Biden: – Tid for å slippe til nye og yngre stemmer

SISTE NYTT

Siste nytt