Hopp til innhold

EU skal diskutere meir med Tyrkia

EU vil bruke fram til neste torsdag på å vurdere Tyrkias oppsiktsvekkjande forslag til eit utvida migrasjonssamarbeid. Steile frontar prega forhandlingane måndag mellom EU og Tyrkia om ei løysing på flyktningstraumen til Europa.

Flyktninger i en gummibåt på vei mot den greske øya Chios fra Cesme i Tyrkia

PÅ FLUKT: Born og vaksne legg ut i ein gummibåt frå Cesme i Tyrkia 5. mars. Dei håper å nå den greske øya Chios.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

– EU-presidenten skal ta vidare forslaga og utarbeide detaljane med den tyrkiske sida, skriv Luxembourgs statsminister Xavier Bettel på Twitter.

Tyrkia tilbyr over ei avgrensa periode å ta tilbake alle som kjem til dei greske øyene via Tyrkia. Det gjeld også syriske krigsflyktningar. Til gjengjeld skal EU hente like mange kvoteflyktningar direkte frå Tyrkia.

Forslaget skal ha eit tydeleg tysk fingeravtrykk, men overraska andre EU-leiarar da dei møtte Tyrkias statsminister Ahmet Davutoglu til toppmøtet måndag.

Davutoglu fremjar betydelege økonomiske og politiske krav.

Etter eit tolv timar langt toppmøte vil EU-landa nå bruke tida fram til toppmøtet 17. mars på å tenkje seg om.

– Dette er eit gjennombrot om det gjennomførast, meiner Tysklands statsminister Angela Merkel.

Ikkje ferdige

Forhandlingane mellom Tyrkia og dei 28 regjeringstoppane i EU vart ikkje ferdige måndag kveld. Striden står både om pengar og om kva for løysing EU og Tyrkia kan einast om.

– Fleire av EU-landa likar den tyrkiske planen, men kan ikkje godta han i kveld fordi dei treng meir tid. Det er også naudsynt med ein del klargjeringar i utkastet, seier ein EU-tenestemann til Reuters.

Jean-Claude Juncker, Ahmet Davutoglo og Donald Tusk.

Då forhandlingane starta var det god stemning, men frontane er steile mellom EU og Tyrkia. Frå venstre president i EU-kommisjonen Jean-Claude Juncker, Tyrkias statsminister Ahmet Davutoglu og EU-president Donald Tusk.

Foto: POOL / Reuters

Ein tenestemann i EU-kommisjonen sa at det kan kome eit gjennombrot.

Krev 6 milliardar euro

Tyrkias statsminister Ahmet Davutoglo krev at EU skal doble summen unionen har tilbode landet for å ta seg av syriske flyktningar, til 6 milliardar euro, i underkant av 60 milliardar norske kroner.

Ungarns statsminister Viktor Orban

Ungarns statsminister Viktor Orbán kjem ikkje til å godta eit tyrkisk krav om at EU må ta mot syriske flyktningar direkte frå Tyrkia.

Foto: Francois Walschaerts / Ap

EU har tidlegare tilbode Tyrkia 3 milliardar euro for å huse syriske flyktningar i landet, i eit forsøk på å snu flyktningstraumen til EU frå Tyrkia .

Ei kjelde seier til Reuters at Tyrkia har kravd 20 milliardar euro.

Framlegget om «bytehandel» ligg i eit tyrkisk utkast til avtale mellom EU og Tyrkia. Der heiter det og at Tyrkia vil ta tilbake alle migrantar som ikkje oppfyller kravet til opphald i EU, og som har reist frå Tyrkia til dei greske øyene. Dette skal og gjelde syrarar.

Som motyting krev Tyrkia at EU må ta mot ein syrisk FN-flyktning direkte frå Tyrkia, for kvar migrant som blir returnert frå Hellas til Tyrkia.

Ein ungarsk regjeringstalsmann seier at statsminister Viktor Orbán ikkje kjem til å godta at forslaget om at EU skal ta mot syriske flyktningar direkte frå Tyrkia.

Det er og uklart om ein slik bytehandel er praktisk og juridisk mogeleg.

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan.

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan skuldar EU for ikkje ha halde lovnader om hjelp.

Foto: ADEM ALTAN / Afp

EU skal no vere villig til å lette visa-restriksjonane for tyrkarar som reiser til EU-land innan utgangen av juni i år. Den austerrikske avisa Kronen Zeitung skreiv i dag at den såkalla Balkanruta skal stengjast .

– Held ikkje lovnader

Tidlegare i dag skulda Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan EU for å ikkje halde lovnadene sine om økonomiske hjelp.

– Statsministeren min er i Brussel måndag. Eg håpar han kjem heim med pengar, sa Erdogan i Ankara.

Det er 2,5 millionar flyktningar frå Syria i Tyrkia. Rundt ein million menneske reiste i 2015 ulovleg frå Tyrkia til Hellas med båt. Dei fleste av desse har reist vidare nordover i Europa via den såkalla Balkanruta.

Det kjem framleis rundt 2000 menneske kvar dag i båtar frå Tyrkia til Lesvos og andre øyer i nærleiken. For EU hastar det å få til ein avtale med Tyrkia som kan stanse tilstrøyminga.

Tyrkia vil gjøre mer for å redusere strømmen av flyktninger og migranter til Europa.
Men landet krever motytelser fra EU.

VIDEO: Sjå innslaget frå Dagsrevyen.

Rutte og Merkel i Brussel.

Tysklands forbundskanslar Angela Merkel og statsministeren i Nederland, Mark Rutte, møttest før forhandlingane med Tyrkia starta.

Foto: BART MAAT / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt