Hopp til innhold

EU vil snu flyktningstraumen

Vinteren har ikkje stoppa flyktningstraumen i Egeerhavet, snarare tvert imot. No vil EU overtale Tyrkia til å ta tilbake migrantar som ikkje har rett til asyl.

EUROPE-MIGRANTS/TURKEY

Afghanske flyktningar på veg til gummibåten som skal ta dei frå Cesme i Tyrkia til Chios i Hellas. Fleire enn 2000 kryssar Egeerhavet på denne måten kvar dag.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

Bakteppet for måndagens krisemøte i Brussel om handteringa av flyktningsituasjonen er dramatisk; 13 000 flyktningar kjem seg ikkje vidare etter at Makedonia stramma inn grensekontrollen mot Hellas, og søndag drukna minst 25 flyktningar på veg frå Tyrkia til Hellas.

Talet på flyktningar som har kome sjøvegen frå Tyrkia til Hellas så langt i år er 123 246 ifølge FNs høgkommissær for flyktningar, berre litt over to månader inn i året. I heile 2015 var talet 856 723.

GREECE-MACEDONIA-EUROPE-MIGRANTS

Ei lita jente ber på eit teppe i ein av dei mellombels leirane nær Idomeni, på den gresk-makedonske grensa. 13 000 flyktningar sit fast her etter at Makedonia stramma inn grensekontrollen.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp

Auka kystvakt

I motsetning til tidlegare plukkar den greske kystvakta no også opp båtar som ikkje er i livsfare, og det greske mottaket er hakket meir organisert, skriv BBC.

Men i forkant av måndagens møte mellom EU og Tyrkia ser ikkje den greske kystvakta teikn til at deira tyrkiske motpart har endra haldning, og framleis kryssar over 2000 menneske Egeerhavet kvar dag, sjølv om tyrkiske myndigheiter seier at dei har hindra 24 000 migrantar i å forlate landet så langt i år.

Samtidig melde Nato at dei utvidar sitt oppdrag mot menneskesmuglarar i Egeerhavet, og flyttar flåtestyrka endå tettare på migrasjonsrutene. Dette kjem i tillegg til EU sine planar om ein eigen EU-kystvakt i farvatna mellom Tyrkia og Hellas.

Greece Migrants

Den greske kystvakta plukkar stadig opp fleire flyktningar til havs. No vil også Nato og EU patruljere i Egeerhavet.

Foto: Manu Brabo / Ap

Avhengige av Tyrkias velvilje

No er også retur av migrantar kome på dagsordenen. Dimitris Avramopolous, EU-kommisjonær for migrasjon, har sagt at målet er å sende alle som ikkje har krav på vern tilbake til Tyrkia.

Men her er EU avhengige av Tyrkias velvilje. Som lokkemiddel har EU lova Tyrkia 3 milliardar euro som landet skal bruke både på å slå ned på menneskesmuglarane som hjelper flyktningane med å ta seg over havet og på tiltak for å betre situasjonen til flyktningane som oppheld seg i landet.

Tyrkia har lova alle syrarar som har budd meir enn 6 månader i landet arbeidsløyve. Men landet har allereie 2 millionar flyktningar innanfor grensene sine, og slit med å kunne sørge for desse.

GREECE-EUROPE-MIGRANTS

Ein provisorisk leir i Pireus, hamna i Aten. Rundt 35 000 flyktningar er no i transitt i Hellas, og dagleg kjem fleire hit med ferjer frå dei greske øyene.

Foto: ANGELOS TZORTZINIS / Afp

Også Hellas, som hovudsakleg er eit transittland for flyktningane, slit med kapasiteten, etter fleire år med ei djup gjeldskrise. EU annonserte onsdag at dei vil gi 700 millionar euro i nødhjelp til Hellas for å avhjelpe dei med dei mange flyktningane som no er i landet.

Politisk usemje

I tillegg til den pressa situasjonen ved Europas sørlege yttergrense kjem stadig større politisk usemje mellom dei ulike medlemslanda i EU, der eit hovudskilje går mellom vest og aust.

Og toppmøtet kjem berre få dagar etter at tyrkiske myndigheiter tok kontroll over Zaman, landets største opposisjonsavis, noko som har ført til sterk kritikk av EU si vennlege innstilling til den tyrkiske regjeringa.

SISTE NYTT

Siste nytt