Hopp til innhold

Tryggingsrådet i FN einig om Syria-resolusjon

FN sitt tryggingsråd har einstemmig vedteke ein resolusjon som tek til orde for å sende ein observatørstyrke til Syria. Tidlegare på dagen vart seks sivile drepne i landet.

SYRIA FNs sikkerhetsråd

Kina sin FN-ambassadør Li Baodong stemmer i tryggingsrådet.

Foto: ALLISON JOYCE / Reuters

Dei fyrste fem eller seks observatørane skal vere i Syria søndag.

– Rett etter at tryggingsrådet vedtok resolusjonen sette fem eller seks militære observatørar seg på eit fly. Dei er truleg framme i Syria i morgon, sa FN sin talsmann Kieran Dwyer til AFP.

Observatørane kjem truleg til å bli leia av den norske generalmajoren Robert Mood.

– Nå er det opp til partane å ta imot desse FN-observatørane på ein måte som klart viser at dei meiner alvor med sine uttalte forpliktingar og våpenkvila. Observatørane sine moglegheiter til å operere fritt utan nokon hindringar er det beste svaret på dette, seier Kim Gulbrandsen, pressetalsmann for generalmajor Robert Mood i ei pressemelding.

Fleire drepne

Fire sivile vart drepne då styrkar lojale mot president Bashar al-Assad opna eld mot gravferdsfylgjet til ein demonstrant i byen Aleppo nord i Syria laurdag, melder eksilgruppa «Syria sin observatorium for menneskerettar» til AFP.

I tillegg vart ein person drepen då distrikta Jurat al-Shayah og Al-Qarabis i Homs vart utsette for granatangrep.

I byen Dmeir utanfor Damaskus vart ein person drepen og to såra då styrkar opna eld mot ein bil.

To av regimet sine soldatar døydde i eit angrep mot kjøretøyet deira i provinsen Daraa, melder organisasjonen.

Sender observatørar

FN sitt tryggingsråd har einstemmig vedteke ein resolusjon som tek til orde for å sende ein observatørstyrke til Syria.

Truleg blir ei gruppe på 30 observatørar sendt til Syria om kort tid for å overvake at våpenkvila blir heldt.

Observatørstyrken er seinare venta å bli utvida til meir enn 200 personar, men dette må bli vedteken i ein ny resolusjon, melder NTB.

– Tryggingsrådet har vore splitta gjennom heile denne konflikten, med Russland og Kina på den eine sida og USA, Strobritannia og Frankrike på den andre. Men dei har jobba lenge med dette og alle landa stiller seg bak Kofi Annan sin fredsplan, så dei bør klare å bli einige, sa NRK sin Midt-Austen-korrespondent, Sigurd Falkenberg Mikkelsen, før det vart kjent at resolusjonen vart vedteken.

– Stort sett stille

SYRIA Homs

Bygningar i al-Shayah i Homs, som ifølgje opposisjonen vart angripne av regjeringsstyrkar 14. april.

Foto: HANDOUT / Reuters

– I det store og det heile er det stille sett bort frå nokre brot på våpenkvila. Talet på drepne går ned, så det er jo noko positivt, seier leiaren av «Syria sin observatorium for menneskerettar», Rami Abdel Rahman, til AFP.

Våpenkvila i Syria trødde i kraft torsdag morgon. Med nokre få unntak har den blitt heldt.

Også Sigurd Falkenberg Mikkelsen melder om roligare tilstandar frå den tyrkiske byen Antakya nær grensa til Syria.

– Det er lang roligare enn førre veker og trass i nokre brot på våpenkvila. Dei mest alvorlege brota har vore i Homs, der det vart brukt artilleri mot sivile strøk. Det har også vore brot på våpenkvila frå geriljasoldatane si side. Det er sporadiske brot, men fram til no har den i det store og det heile heldt.

Fredag vart seks personar drepne då titusenar demonstrerte rundt om i Syria for å teste våpenkvila.

Demonstrasjonane fortset

SYRIA

Demonstrantar står på eit bilete av Syria sin president Bashar al-Assad i Yabdroud nær Damaskus.

Foto: HANDOUT / Reuters

Laurdag heldt demonstrasjonane fram fleire stader i Syria.

Demonstrantane ropte slagord som «Sett i gang revolusjonen. Den er vår. Syria er fri» og «Me gir ikkje opp før regimet fell», melder AFP.

Sjølv om nedgangen i talet drepne i Syria er positivt er Falkenberg Mikkelsen forsiktig optimist.

– Det er også eit spørsmål om kva politiet gjer og kva som går føre seg i dei syriske fengslene, så det er langt frå ein fredeleg og stabil situasjon, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt