Hopp til innhold

– Eg kjente ikkje terroristen

CHARTRES (NRK): Leiaren av Mosquée de Licé i Chartres vil verken stadfeste eller avkrefte at den identifiserte gjerningsmannen pleidde å gå til moskeen hans då han budde i byen.

Abdallah Benali, leiaren av Mosquée de Licé, Chartres

TEK AVSTAND FRÅ TERROREN: Abdallah Benali, leiar av Mosquée de Licé i Chartres, er på veg til ein søndagsbønn for offera i Paris.

Foto: Kristian Aanensen / NRK

Saman med fleire medlemmer er han på veg til bøn for offera i Paris då NRK møter han utanfor moskéen, som ligg diskret til i eit roleg bustadområde. I denne vesle døsige landsbyen sørvest for Paris skal ein av mennene som stod bak angrepet ha budd fram til 2012 saman med resten av familien.

Abdallah Benali understrekar at dei tek avstand frå terroren, og vil elles ikkje sei noko foreløpig om tilknytinga Ismaël Omar Mostefaï, som er den første som er identifisert av dei sju som stod bak angrepet i Paris fredag kveld. Han er skuffa over ordføraren i byen som skal ha uttalt at dette er ein radikal moské.

Kan ha vore i Syria

Trass i dette, fleire muslimar NRK møter i nabolaget skal ha sagt at dei føretrekker andre moskéar, og at denne har endra seg dei siste åra, i meir radikal retning.

Ifølge franske medium skal Mostefaï ha vore ein del av ei radikal gruppe i regionen, og skal også ha hatt fleire møte med ein radikal islamist frå Belgia som skal ha kome hit for å verve tilhengarar. Sidan 2010 har han vorte overvaka av fransk etterretning for mistanke om radikalisering. Ifølge Le Monde skal han ha vore vekke i ein lengre periode frå hausten 2013 til våren 2014, og det er spekulert i om at han kan ha vore i Syria. Det er funne spor etter han i Tyrkia, eit transittland for mange Syria-fararar.

Abdallah Benali, leiar av Mosquée de Licé, Chartres

SKUFFA: Medlemmene av Mosquée de Licé meiner dei vert stigmatiserte i media, og er skuffa over utsegna til byens ordførar.

Foto: Kristian Aanensen / NRK

– Øydelegg for vanlege muslimar

I Mostefaïs gamle nabolag er det derimot få som kjenner seg att frå skildringane i media. Her spelte han fotball og vart skildra som ein heilt vanleg person av sine tidlegare naboar. No er dei sinte og frustrerte på mannen som har øydelagt for så mange.

Huset terroristen tidlegare skal ha budd i

BUDDE HER: I dette huset i Chartres skal terroristen ha budd fram til 2012.

Foto: Kristian Aanensen / NRK

– Eg er sint på dei radikale som øydelegg for oss muslimar. Dette er enkeltmenneske og har ingenting med vår religion å gjere, fortel ein mann i 20- åra som ønsker å vere anonym til NRK. Han visste godt kven gjerningsmannen var.

– Eg kjente han ikkje, men vi viste kven han var da han budde her. Fleire eg kjenner spelte fotball saman med han, og då var han ein heilt vanleg og normal gut.

Naboane forstår ikkje korleis dette kunne skje. Han vert skildra som snill og hyggeleg. Dei seier at familien var veldig stille, og gjorde ikkje mykje ut av seg

Familie i terroristen sitt nabolag Madeleine i Chartres

KJENNER SEG TRYGGE: -Det er ingen problem med radikal islam her, seier denne familien i det gamle nabolaget til Ismaël Omar Mostefaï.

Foto: Kristian Aanensen / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt