Bussen var på veg over ei brua i den indiske delstaten Gujarat då den køyrde av vegen, og fall ti meter før den hamna i elva Purna. Ulykka skjedde i går ettermiddag.
– Totalt 41 personar, mange av dei kvinner og barn, har omkome, seier politisjef Bharada i distriktet.
Dei fleste av ofra vart stadfesta omkomne på staden. Minst 26 av passasjerane vart skadde, fem av dei er i kritisk tilstand.
Ifølgje politisjefen er årsaka til ulykka truleg at sjåføren køyrde med for høg hastigheit, og prøvde å køyre forbi eit anna køyretøy på den smale brua.
Rundt 135.000 menneske mistar livet på indiske vegar kvart år. Dei fleste ulykkene skjer på grunn av gamle køyretøy, omsynslaus køyring og dårleg vegstandard.