Hopp til innhold

Vil ikkje at staten skal blande seg

– Kommunereformen må skje utan tvang, det er omkvedet frå ordførarane i Trøndelag. Dei vil ikkje ha innblanding frå staten.

Ordfører i Inderøy Ida Stuberg

Ida Stuberg er ordførar i Inderøy, som består av gamle Inderøy og gamle Mosvik kommune.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Ordførar i Inderøy, Ida Stuberg (Sp), trur prosessen blir enklare om kommunane får bestemme sjølv.

– Både Senterpartiet og eg er i utgangspunktet åpne for endringar i kommunestruktur, dersom det skjer på frivillig grunnlag, seier ho.

Dei lokale veit best

Jan Tore Sanner

Jan Tore Sanner, kommunalminister for Høgre.

Foto: Silje Kolaas

Det er ikkje mange år sidan Inderøy og Mosvik vart slått saman, utan tvang.

I NRKs undersøking om kommunereformen svarer fleire ordførarar at nettopp frivillig samanslåing er viktig.

Ida Stuberg meiner det er dei lokale kreftene som veit best når dei no igjen skal sjå på nye samanslåingar.

– Det er dei lokalt folkevalgte som kjenner på utfordringane og behova i sine lokalsamfunn, og er best i stand til å gjere vurderingar for sine kommunar, seier Stuberg.

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) har tidlegare sagt at han håpar å gjennomføre den store kommunereformen hovudsakleg med frivillige samanslåingar. Det kan likevel bli brukt tvang dersom det trengst.

Stuberg meiner slik tvang vil vere eit hinder for å få til gode prosessar.

– Må høyre på folkemeininga

Hege Nordheim-Viken

Hege Nordheim-Viken, ordførar på Høylandet.

Foto: Høylandet kommune

– Det er vi som er lokalpolitikarar som best kan vurdere kva som er dei beste løysingane for dei innbyggarane som vi arbeider for, seier ordførar i Høylandet kommune, Hege Nordheim-Viken (Sp).

Kommunen ser framleis på om det er muleg å stå åleine i åra som kjem, og ordføraren mener omsynet til folket som bur i kommunen, er aller viktigast.

– At vi høyrer på folkemeininga er eit grunnlag i demokratiet som vi er så heldige å ha. Og dét meiner eg at vi skal gjere også i denne prosessen, seier Nordheim-Viken.

Er redde for tvang frå staten

Reidar Almås byline

Reidar Almås, seniorforskar ved Norsk senter for bygdeforskning.

– Eg trur ikkje det er så realistisk med tvangssamanslåingar, seier seniorforskar ved Norsk senter for bygdeforskning, Reidar Almås.

Ei undersøking som NRK Trøndelag har gjort viser at 6 av 10 ordførarar i Trøndelag er positive til samanslåing.

Almås trur mange ordførarar er positive fordi dei helst vil sleppe tvang frå staten.

– Eg trur at ein ønsker å vere i førarsetet i staden for å sitte i baksetet eller ikkje bli med i det heile. Eg trur desse tala reflekterer nettopp det, seier han.