Hopp til innhold

Føler seg misbrukt i våtmarksstrid

Fuglespesialistar føler seg misbrukt av Ørland næringsforum i kampen for å bygge ut Brekstadfjæra. Næringsforumet hevdar at ornitologane ikkje nevner Brekstadbukta som viktig område for fuglar. – Dette stemmer ikkje, seier ornitologane sjølv.

Utsyn over Brekstadbukta og halvøya Hovdtåa i Ørland

Utsyn over Brekstadbukta og Hovdtåa i Ørland. Det er dette området striden står om.

Foto: Ole Kr. Tangen

Under et folkemøte på Brekstad for eit par veker sidan hevda Ørland Næringsforum at Norsk ornitologisk foreining var einig med dei i at Brekstadbukta ikkje er eit viktig våtmarksområde for fugl.

Næringsforumet ønsker å fylle ut Brekstadfjæra for å tilby tomter til bedrifter.

– Utfyllinga må stoppast

Kjetil Aadne Solbakken

Kjetil Solbakken, generalsekretær i Norsk Ornitologisk foreining.

Foto: Norsk Ornitologisk Forening

– Ornitologiforeininga har aldri sagt at området ikkje er viktig for fuglar, seier generalsekretæren i organisasjonen, Kjetil Solbakken.

Ornitologane ser alvorleg på saka, og tar avstand frå at næringsforumet brukar dei som alibi.

– Derfor har vi skrive eit brev til kommunen og sagt klart ifrå kva vi meiner om saka. Det er at Brekstadfjæra må vernast. Vidare utfylling må stoppast straks, og fjæra må i størst muleg grad restaurerast og bli tatt vare på for ettertida som eit naturområde, seier Solbakken.

– Vi har snakka med ein frå styret

Svartbak tar av fra Brekstadbukta

Svartbak er mellom fuglane som held til i Brekstadfjæra.

Foto: Torfinn Hansen

Leiaren i Ørland Næringsforum, Morten Rosenlund, likar på si side ikkje at den ornitologiske foreininga meiner at dei aldri har sagt til næringsforumet at Brekstadbukta ikkje er viktig for fuglane.

– Det syns eg ikkje om i det heile. Vi har vore i kontakt med styret i foreininga, og no driv vi og sjekkar kva den personen vi snakka med, heiter. Men eg har òg vore i kontakt med ein lokal representant frå foreininga, og han kunne stadfeste at det er ei interessekonflikt her.

– Men når du skal referere Norsk ornitologisk foreining, må du vel vite kven du har snakka med?

– Vi veit at vi har snakka med ein frå styret, vi ringde det nummeret som var på nettsida deira.

– Ørland har eit frynsa rykte

Solbakken i NOF er klar på at Brekstadfjæra er svært viktig for fugl.

Brekstadfjæra er ein del av eit internasjonalt viktig våtmarkssystem for fugl, og er har fått status som Ramsar-område.

– Akkurat Brekstadfjæra er ein veldig viktig delelokalitet i det totale våtmarkssystemet i Ørland, og det er store mengder fugl som bruker det på trekk og overvintring, seier Solbakken.

Brekstadfjæra er ikkje freda, men NOF meiner at naturverdiane der er så store at den burde ha vore freda, og at den i alle fall må takast vare på for ettertida.

I eit brev til Ørland kommune skriv Kjetil Solbakken i NOF at han er uroa for Brekstadbukta som våtmark, og han hevdar at kommunen har fått eit frynsa rykte når det gjeld å ta vare på av våtmarksområde som ikkje er freda, men likevel viktige for fuglelivet.

– Det som har skjedd, er ei gradvis utfylling tidlegare og ei intensivert utfylling no i seinare tid. Dette er noko av det vi viser til når vi seier at dei har eit frynsa rykte. Det har aldri vore tvil om verneverdiane i Brekstadfjæra, og vi er ikkje nøgde med måten Ørland kommune har forvalta fjæra på.

Fylkesmannen seier stopp for utbygging

Hallgeir Grøntvedt

Hallgeir Grøntvedt, ordførar i Ørland kommune.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

– Det får stå for deira rekning. 35 kvadratkilometer av sjø- og fjæreområda i Ørland er freda, og vi føler at vi tar godt vare på desse områda, seier ordføraren i Ørland, Hallgeir Grøntvedt (Sp).

kom Fylkesmannens høyringssvar på dei planane kommunen har for forvaltninga av til dømes Brekstadfjæra.

– Der sto det at allereie det området som vi hadde lagt inn som utfylt areal i Brekstadbukta, er for stort. Fylkesmannen ønsker at vi skal avgrense det med 35 dekar ut over det som ligg der i dag, forklarer Grøntvedt.

Han er ikkje glad for høyringssvaret frå fylkesmannen, men lovar at kommunen skal prøve å ta vare på Brekstadbukta.

– Men vi må òg sleppe til både bustadbygging og ein del lettare industri og næringsaktivitet i Brekstadbukta utover det vi har i dag, seier han.

– Men om fylkesmannen meiner at de ikkje kan gjere det, så har de vel eit problem?

– Ja, da blir det mekling og så får vi sjå. Blir vi ikkje samde der, går saka vidare til kommunal- og moderniseringsdepartementet som vil ta den endelege avgjerda, seier Grøntvedt.