Hopp til innhold

– Distriktet blir fullstendig øydelagt

Nesten 200 personar demonstrerte mot Kalvvatnan vindkraftverk i helga.

Vindmølle

OVER 70 MØLLER PLANLAGT: Det kjem mange nye vindmøller i fjellet mellom kommunane Namdsskogan og Bindal i Nord-Trøndlag om planane vert gjennomførte. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

– Når det er snakk om å bevare sørsamisk samfunn, kultur og reindrift, er det berre tull å lage til eit vindkraftverk her oppe. Det gagnar ikkje noko.

Lars Toven driv reindrift i fjellet mellom Namsskogan kommune i Nord-Trøndelag og Bindal kommune i Nordland.

Han var med då Samarbeidsgruppa mot Kalvvatnan vindkraftverk arrangerte demonstrasjon i helga. Målet med demonstrasjonen var å stoppe vindmølleparken som er planlagt i området.

– Vindkraftverket stengjer av fjellkjedene fullstendig. Det kjem til å leggje band på store område av beitelandet her, og vi har ikkje mogelegheit til å kunne passere området med reinen, seier Toven.

Det er Fred. Olsen Renewables som har fått konsesjon til å byggje og drive vindkraftverket. Parken skal ha 70 vindmøller i tre klynger i området. Dei skal kunne produsere 600 gigawatt-timar (GWh) fornybar energi årleg.

– Me er i mot vindkraftplanane til Fred. Olsen & co. Det kjem til å leggje band på så store område, spesielt av beite- og graslandet her, at vi er nøydde til å varsle i frå på ein skikkeleg måte, seier han.

Nok straum i området frå før av

– Utbygginga her i Kalvvatnan er veldig alvorleg, seier Maren Nessmark i Naturvernforbundet.

– Eg har lest heile konsesjonsvedtaket, og eg er forundra over at det er gitt konsesjon her. Statnett seier jo sjølve at det er vanskeleg å få straumen inn på nettet, og me er i eit område kor det er mykje straum frå før av, seier ho.

– Det er store konflikter med naturen og reindriftsnæringa, og landskapet kjem til å bli totalt øydelagt. To vegar skal byggjast, og det vil gjere enorme inngrep i naturen. Eg trur dei kjem til å ombestemme seg no i klagebehandlinga av søknaden, seier Nessmark.

Fred. Olsen Renewables ville ikkje uttale seg til NRK om demonstrasjonen fordi dei ikkje er kjend med den, seier dei. NRK har heller ikkje fått kontakt med NVE om saka.

Reindriftssame Lars Toven håpar myndigheitene snur når dei ser kor mange som engasjerer seg i demonstrasjonen i helga.

– Målet med demonstrasjonen er at dei skrinlegg planane.

– All fornuft tilseier at ein ikkje bør byggje vindkraftverk her, seier Nessmark i Naturvernforbundet.