Hopp til innhold

«Sjø-Sara» straks klar for Rørvik

Den legendariske kystkvinna «Sjø-Sara» får snart skode ut over skipsleia ved Rørvik. Ein nesten fire meter høg statue av henne skal reisast på Småholman i Nærøysundet. Med sokkel blir statuen sju meter.

Statua som skal stå ved Rørvik

Statuen av Sjø-Sara skal stå rett ved hurtigruteleia. Skulpturen er ferdigstøypt i bronse, og skal avdukast i august. Kunstnaren, Torleif Flosand, var nettopp i Polen og såg på den ferdige statuen.

Foto: Håkon Sørø/privat

Statue av Sjø-Sara

Det er Torleif Flosand som har skapt skulpturen av Sara frå Foldereid.

Foto: privat

Sjø-Sara var fødd i 1773, og var kjent som ein uredd fiskar, og var både los og redningskvinne. Legenden om henne har levd heilt fram til i dag.

Landemerke i innseglinga

I august blir det reist ein skulptur av henne. Med sokkel vil skulpturen bli sju meter høg, og eit skikkeleg landemerke i innseglinga til Rørvik.

Torleif Flosand er kunstnaren som har skapt statuen, og han kom nyleg heim frå Gliwice i Polen, der skulpturen no er ferdig støypt i bronse.

– Eg var veldig spent, eg har sett bilder og det så greitt ut. Men eg måtte til støyperiet og sjå, og vart veldig glad. Støyparane har gjort ein fenomenal jobb, seier Flosand.

I nesten to år har han jobba med skulpturen. Først i lite format, ein halvmeter høg, i leire. Så vart den forstørra til 1,5 meter og laga i gips.

– Også denne versjonen vart justert og retta på fleire gonger, seier Flosand.

Både kvinneleg og barsk

Utfordringa hans var mellom anna å få fram at Sjø-Sara var lita og kvinneleg, samtidig som ho var barsk og sterk.

Ho vart fødd Sara Olsdatter på Foldereid i Nærøy i 1773. Ho var eldst i ein søskenflokk på åtte, og måtte tidleg ta ansvar.

Historia vil ha det til at ho kunne det meste om båtar, segling og fiske før ho vart konfirmert.

Ho var kjent for å vere den flinkaste og mest uredde fiskaren i Gjæslingan, og ho var òg både los og livreddar. Dette i ei tid da det var uhøyrt at kvinner var om bord i ein båt, og nesten 150 år før det vart snakk om stemmerett for kvinner.

Sjø-Sara var nok ei inspirasjonskjede for andre kvinner i mannsdominerte miljø. Legenden om henne har halde seg fram til i dag, og no vil historia hennar leve vidare gjennom statuen som blir eit blikkfang ved hurtigruteleia i Nærøysundet.

– Ho var ein pioner

Kunstnaren, Torleif Flosand, trur det blir heilt rett å plassere nettopp Sara der.

– Ho var ein pioner, og møtte stor skepsis. Ho gjorde skam på skeptikarane, og fekk eit særs godt ettermæle. Men det hadde nok ikkje vore lett å bu i lag med ei så sterk og sjølstendig kvinne, ler han. Så døydde ho også ugift.

Statuen skal avdukast i august.

– Eg trur det blir stort å sjå resultatet av noko eg har jobba så lenge med, seier Torleif Flosand.