X Games
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Slik meiner dei Oslo blei ført bak lyset

Brotne lovnadar, kontraktsbrot, og openlys drittslenging. Folkefesten X Games er blitt til ein politisk maktkamp. Korleis skjedde det?

Kritikken haglar. Politikarar går i strupen på kvarandre. Forbund trekk seg frå samarbeidsavtalar. Det store X Games-bråket byrja med knuffing i gangane til Oslo Rådhus.

– Hallstein Bjercke har ført bystyret bak lyset. Han har fungert som ein lobbyist for TV 2, i staden for å ta vare på Oslo Kommunes interesser.

Det seier Bjørnar Moxnes i Rødt, som no går hardt ut mot det han meiner er villeiing av bystyret. Han er ikkje åleine om kritikken.

– Me er skuffa over det som har skjedd, og har heile tida meint at eit godt antidopingarbeid er eit vilkår for at arrangementet skal gjennomførast, seier noverande kulturbyråd Rina Mariann Hansen i Arbeiderpartiet.

Bjercke i Venstre reagerer sterkt på at Moxnes anklagar han for feilinformering.

– Det er berre tull, men det overraskar meg ikkje at Moxnes seier det. Han og partiet hans har vore mot X Games, og stemte saman med AP mot å gi støtte. Eg har orientert bystyret etter beste evne, ut i frå det eg visste.

Det kokar hjå politikarane, men kva skjedde eigentleg i kulissane då det blei bestemt at X games skulle komme til Oslo?

Første akt i dramaet

Me spolar nesten eit år attende i tid. Då kjem den første uromeldinga om antidopingarbeidet under X Games.

10. april 2015: Nadeem Butt (AP) setter spørsmålstegn ved handteringa av antidopingarbeidet under X games etter at saka om tildeling av pengar til arrangementet er ferdig handsama i byrådet. Spørsmåla er adressert til dåverande kulturbyråd Hallstein Bjercke frå Venstre.

x games

BIG AIR PÅ TØYEN: nokre av verdas beste utøvarar skal konkurrere i Big Air under X games i Oslo

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Det var viktig for oss å agere på denne mistanken tidleg, seier Moxnes.

23. april 2015: Hallstein Bjercke svarar skriftleg på spørsmåla frå Butt.

Har byråden forsikret seg om og eventuelt hvordan X Games skal avvikles i samsvar med idrettens gjeldene dopingregelverk?

«Dette er beskrevet i en samarbeidsavtale som er under forhandling mellom TV2, Norges skiforbund og Norges Snowboardforbund. TV2 støtter uansett idrettens antidopingarbeid, og vil samarbeide med idretten om dette uavhengig av nevnte avtale.»

Kultur- og næringsbyråd i Oslo, Hallstein Bjercke, lysere

GARANTERTE FOR ANTIDOPING: Hallstein Bjercke meinte heile tida at antidopingarbeidet kom til å holde ein høg nok standard under leikane.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Bjercke står fortsatt fjellstøtt bak det svaret han ga.

– Ja, absolutt. Ingen kunne forutsjå at avtalen mellom TV 2 og Norges Idrettsforbund skulle bli broten, det hadde me heller ingen grunn til å tru.

Brotne lovnadar

29. april 2015: Etter ein glødande debatt vedtek Bystyret å løyve 42 millionar til arrangementet. AP, SV og Rødt ber om å endre vedtaket, slik at det blant anna sikrar at arbeidet med antidoping er avklart før pengane blir utbetalt.

Forslaget blir blankt avvist. Fleirtalet legg til grunn at det er ei sjølvfølge at eit so stort idrettsarrangement vil fremja antidopingarbeidet på ein god måte. Bjerkce meiner at det også ligg meir bak forslaget.

– Arbeiderpartiets forslag handla om myke meir enn antidopingarbeid, dei ville at kommunen skulle diktere samarbeidet. Det ville ikkje me.

På talarstolen går blant anna Trine Nicolaysen frå Høgre opp, og seier:

«Avtalen som er signert mellom TV2, Skiforbundet og Snowboardforbundet vil sørge for å sikre idrettens interesser på lik linje med de kommersielle interessene. Avtalen sikrer også at idrettens verdier, som antidopingarbeidet, vil ivaretas, og involvering av frivillige gjennom forbundene vil utgjøre en viktig og nødvendig del av arrangementet. »

Ho meiner at denne garantien er meget godt oppfylt med dagens antidopingarbeid under arrangementet.

– Det viktigaste, slik eg forstår det, er testinga gjennom heile sesongen. Sjølv om utøvarane ikkje blir testa under konkurransen, kan dei bli testa både dagen før, og dagen etter seier Nicolaysen.

Rina Mariann Hansen i Arbeiderpartiet tykkjer likevel det er problematisk med ei slik løysing.

Rina Mariann Hansen

REAGERER PÅ DEBATTEN: Rina Mariann Hansen meiner at debatten blei lagt på feil premiss.

Foto: Nina Eriksen / NRK

– Det er lett å vere etterpåklok, men det som no har skjedd, viser at eit slikt forslag var heilt nødvendig.

Nicolaysen i Høgre meiner at premissa er dei samme som dei var då debatten i bystyret gjekk, og at ho ville stemt for det same forslaget med dei opplysningane ho har i dag.

– Hadde eg skulle ha stemt om ei nytt løyve til X games 2017, med dei opplysningane eg har i dag, hadde eg fortsatt stemt ja, seier Nicolaysen.

Signerer avtalen

15. oktober 2015: Over eit halvt år etter at vedtaket blei gjort, signerer Hallstein Bjercke avtalen mellom Oslo kommune og TV 2. Avtalen seier ikkje noko om krav til antidopingarbeid. Dette er noko av det siste Bjercke gjer som byrådsmedlem.

– Her let ein ESPN få det siste ordet i saka. Dei vil alltid prioritere det kommersielle rundt arrangementet, framfor arbeidet med antidoping, seier Moxnes.

– Kommunen skulle ikkje vere arrangør, men bidragsytar, svarar Bjercke.

X games

GÅR SOM NORMALT: Dramaet i kulissane får ingen konsekvensar for X games.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Dramaet inn i neste akt

Eit halvt år seinare kjem sjokkbeskjeden frå Skiforbundet.

21. februar 2016: Tre dagar før X Games byrjar. Skiforbundet bryt samarbeidsavtalen med TV2 og arrangøren av leikane.

«Norges Skiforbund har i dag i et brev til TV2, arrangøren av X Games i Oslo, informert om at avtalen mellom de to oppheves.»

Røste

TRAKK SEG: Erik Røste i Norges Skiforbund seier at dei ikkje kan godta den standarden på antidopingarbeid som X games legg opp til.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Årsaka er at regelverket for antidoping ikkje blir fylgt under konkurranse.

– TV 2 har ikkje klart å skaffe oss heimel til å gjennomføre antidopingtestar under arrangementet. Det har vore eit ufråvikelig krav frå vår side, difor hevar me no avtala, seier skipresident Erik Røste.

Det blir gjort klart at dette ikkje får nokon konsekvensar for arrangementet, heller ikkje for dei norske utøvarane som skal delta i konkurransen.

22. februar 2016: Hallstein Bjercke går til motangrep på skiforbundet. Han meiner at dette er eit forsøk på å stoppe eit arrangement dei aldri har likt.

– Eg har ei kjensle av at det me ser no, er eit siste forsøk frå Erik Røste (skipresident) og Inge Andersen (generalsekretær i NIF) på å stanse eit arrangement dei har vore imot heile tida.

Til det svarar skipresident Røste at:

– Me er positive til X Games, men det betyr ikkje at me kan akseptere at det ikkje er samme standarden på dopingarbeidet som på alle andre arrangement, seier Røste.

Dagen før X games byrjar losnar det frå kritikarane.

23. februar 2016: Bjørnar Moxnes og Rina Mariann Hansen går hardt ut mot handteringa av saka i bystyret. Hallstein Bjercke må tole mykje tyn for det dei meiner er falske garantiar, og tomme lovnadar. Hansen tykkjer at angrepet på skiforbundet er ein dårleg avleiingsmanøver.

– Det er merkeleg framferd frå Bjercke. Eg trur ikkje ein har sett ein politikar som går til slik angep på idretten. Det er veldig sjeldan.

– Eg står ved at eg trur at Erik Røste og Inge Andersen aldri har ønska dette arrangement på norsk jord i privat regi. No ser eg fram mot folkfesten X Games, som kjem til å bli ein stor suksess, og eg håpar at det nye byrådet ikkje skuslar bort moglegheita til å få X Games som ein årlig hending i Oslo.