– Ja, europeisk is er ein fordel for oss, er omkvedet i den norske troppen etter dei to første verdscup-helgene på rekordisen i Calgary og Salt Lake City.
Der hang ikkje nordmennene heilt med. Men på litt tråare is og færre meter over havet har dei høgare forventningar.
– Det er slik is vi trenar på, og det passar betre for min fysikk og teknikk, seier Sverre Lunde Pedersen til NRK. Han er mellomfornøgd med løpa i Nord-Amerika, der eit feilskjær på 5000 m øydela kampen om ein plass på pallen.
Han skal gå 1500, 5000 meter og lagtempo i Inzell.
– Eg trur eg har mykje meir inne enn det eg fekk vist i Nord-Amerika, seier han.
– Tid til å perfeksjonere teknikken
NRKs ekspertkommentar Even Wetten trur også vi kan vente betre plasseringar i Inzell, både av Sverre Lunde Pedersen og dei andre som deltok i Calgary og Salt Lake City.
– Det er gunstig å kome frå superraske bane til dei noko meir treige. Når du går meir i «slow motion», får du tid til å perfeksjonere teknikken. Det vil dei norske tene på, fordi det er på slik is dei trenar. Det du trenar på, blir du god på, seier Wetten.
Inzell-bana ligg 691 meter over havet, men rekordbana i Salt Lake City ligg på 1400 meter.
NRK-kommentator opplevde det sjølv
Wetten opplevde dette sjølv i sine aktive dagar. Etter ein åttandeplass på 1000 m i Calgary i januar 2005, kom han tilbake til Europa og italienske Baselga og tok andreplassen på 1500 m to veker seinare – hans første pallplass.
– Alt gjekk av seg sjølv. Det var ei god kjensle, seier Wetten.
Rekordstor norsk tropp
Norge stiller med heile 15 løparar. – Det er den største troppen vi har sendt til eit verdscupstemne på fleire år, seier skøyteforbundets generalsekretær Halvor Lauvstad til NRK.
Seks av desse er A-løparar. Resten er i forbundets B-gruppe, og dermed av dei som etter dei nye reglane må betale 6000 av eigen lomme for å få vere med.
– Det er dei villige til. Vi har gjort kva vi kan for å halde eigendelen så lågt nede som mogeleg, og dei er villige til å ta denne utgifta, seier Lauvstad.
Det er forbundets dårlege økonomi som er årsaka. Lauvstad seier at det er dialogar med fleire om sponsoravtaler, men at ingen er landa så langt.
– Eg reiser ikkje nedover. Den utgifta skal vi iallfall spare, seier han.