– Det er heilt katastrofe, sa kommentator Even Wetten da Pedersen fekk sitt feilskjær og mista all rytme to og ein halv runde før mål. Han heldt på å ramle.
– Her mista han ikkje berre tideler, her snakkar vi om sekund, sa Wetten. Og pallplassen glapp.
Nordmannen gjekk i siste par mot Sven Kramer. Dei to heldt følgje til over halvveges, så tok Kramer til å gå frå.
Men Pedersen låg likevel an til å slå Jorrit Bergsma, som då leia. Det var han sjanselaus på etter feilskjæret, og kom in på tida 6.17,53.
Ny Kramer-siger
Kramer gjekk eit jamnt og godt løp og vann på 6.08,61, snaue to sekund føre Bergsma. Nederlandsk-kanadiske Ted-Jan Bloemen tok overraskande tredjeplassen.
Eit par timar før start trekte Håvard Bøkko seg frå 5000-meteren, etter ein skade i ryggen.
Tidlegare på kvelden imponerte Hege Bøkko med ny personleg rekord og 38,84 på 500 meter, 17 hundredeler betre enn hennar gamle rekord. Men tida heldt likevel berre til 13.-plass i B-gruppa.
A-gruppa blei vunnen av Sang-Hwa Lee med 36,96.
Hvammen fall
Ida Njåtun fekk aldri den perfekte farten og rytmen på 3000 meter. Løpet var jamnt, men tida vart likevel ikkje betre enn 4.03,31, knappe to sekund bak persen. Martina Sablikova vann på 3.57,21.
Espen Aarnes Hvammen fall i siste sving på sin 500-meter. Då hadde allereie hans parkamerat Hein Vergeer gått overende i første sving.
Pavel Kulitsjnikov vann distansen på sterke 34,11 – åtte hundredeler bak Jeremy Wotherspoons verrdsrekord og den nest beste tida i historia. Veteranen Mika Poutala vart nummer to med 34,28.