– For overraska over dette er det ikkje lov til å vere, seier Svindal, som også var best på utfortreninga i Lake Louise torstag.
Under praktfulle forhold sette han utfor med startnummer 22, og leia med klar margin ved både første og andre passering.
I mål var nordmannen heile 64 hundredelar framfor Max Franz frå Austerrike.
Og straks alle sterke utfordrarar var i mål blei det klart:
Aksel Lund Svindal er den første nordmannen til å vinne eit utforrenn i Lake Louise sidan Atle Skårdal sin triumf i 1991.
– Då eg var på toppen såg eg at Franz leia rennet. Han hadde tidleg startnummer, og det hender jo ofte at dei som er først ut vinn her i Lake Louise, seier Svindal, og held fram:
– Så eg tenkte at eg måtte risikere ein heil del for å halda tritt med han. Men då eg kom ned var eg eit stykke framfor. Det var tydeleg både brukbare forhold, og brukbar køyring.
Dobbelt austerriksk bak Norge
Fartsfantomet fortsette derfor der han slapp førre sesong. Svindal vann nemleg utforen i Schladming så seint som i mars i år.
Laurdag viste 29-åringen at den gode flyten i fartsdisiplinen tydeleg er tatt godt vare på gjennom sommaren.
Bak Svindal enda austerrikske Franz på andreplass, og landsmann Klaus Kröll på tredje.
Jansrud hardt ut
Kjetil Jansrud opna sitt utforløp i hard stil, og leia framfor Svindal ved første måling.
Men etter kvart tapte 27-åringen for mykje, og var over sekundet bak sin landsmann i mål. Nordmannen enda til slutt på 8.-plass.