Tysdag fekk Tiril Sjåstad Christiansen oppløftande testresultat.
– Det gjekk mykje betre enn venta, seier ho til NRK.no.
Før skaden vart 18-åringen rekna som eitt av dei største norske gullhåpa. Legen gav ho berre ti prosent sjanse til å delta i OL i starten av desember. Men no er X Games-vinnaren meir optimistisk enn nokon gong.
Nye undersøkingar ved Olympiatoppen tysdag var positive.
– Det er absolutt større sjansar enn før jol. Eg har meir strekk i kneleddet og betre rørsle, seier ho.
Rauk korsbandet
Sidan slopestylekøyraren rauk korsbandet på treningsleir i Aspen tidleg i desember, har ho trena sykling og styrke fleire gongar dagleg.
Ho håpar å kunna rekka OL ved å utsetja operasjon.
– Eg skal trena beinhardt framover, så får me sjå.
Stor framgang
Olympiatoppen sin sjefslege Lars Engebretsen er meir optimistisk enn før.
– Ho har kome seg forbløffande raskt. Framgangen har vore stor, fortel han til NRK.no.
Sjåstad Christiansen skal halda fram treninga, før dei 21. januar vil ta ei ny oppsummering.
– Då vil me bestemma om ho kan trena på ski att.
Testen vil avgjera om Sjåstad Christiansen kan reisa til Sotsji-OL.
Før jol rekna Engebretsen ein ti prosent sjanse for at gullhåpet kunne rekkja OL.
– Det er i alle fall ein moglegheit. Om det var ti prosent då, er det meir no.