Aldri har ein rekord på nokon av dei fire klassiske skøytedistansane stått lenger. Det skulle gå 23 år og 13 dagar - eller 8414 dagar - før rekorden vart slått.
Norges Skøyteforbund skal markere dette med ulike aktivitetar på Frogner Stadion denne dagen.
er nemleg også 100 år i år.Det var den sveitsiske alpebyen Davos, og det var 18. januar 1914. Oscar Mathisen var den beste skøyteløparen i verda på den tid, og det var 1500-meter.
Valde rekordforsøk framfor NM
Davos var den raskaste skøytebana. Byen ligg 1560 meter over havet. Oscar Mathisen hadde fått personleg invitasjon til stemnet i byen.
Det var ikkje heilt ukontroversielt, og problemstillinga er gjenkjenneleg den dag i dag. For same helga var det nemleg NM i Trondheim, og arrangørane der var lite glade for at den største stjerna uteblei.
"Eg forstår trønderane si forarging og sinne. Men eg kunne ikkje la denne sjansen gå frå meg", skreiv Mathisen i sin sjølvbiografi mange år seinare. Han reiste sørover saman med Bjarne Frang, lagkamerat frå Kristiania Skøiteklub.
Tilhøva var svært gode i Davos, og Mathisen var i form. Helga før hadde han sett verdsrekord på 1500 meter med 2.19,4 på opningsstemnet for Frogner Stadion.
Slo rekorden med to sekund
Men i Davos gikk det endå raskare. Mathisen leverte eit fantomløp og gjekk i mål på 2.17,4 - to sekund betre enn sin sju dagar gamle rekord. Han slo Frang i samløp med sju sekund.
Oscar Mathisen var grossist i verdsrekordar, og 2.17,4 fekk ikkje meir merksemd enn dei andre med det same. Men etter som åra gjekk og ingen klarte å slå rekorden, blei tida meir og meir spesiell.
Thunbergs mislykka rekordjakt
Finnen Clas Thunberg skulle bli sjølve symbolet på kampen mot Mathisens etterkvart legendariske rekord. Han var spesialist på distansen, og i sin 15 år lange karriere tok han to OL-gull i denne øvinga. Etter at Mathisen hadde lagt opp, var det Thunberg som var best, med totalt 5 OL-gull, 5 VM-gull og 4 EM-gull - og fire verdsrekordar.
Men den hersens verdsrekorden på 1500-meteren skulle han aldri få has på, trass tallause forsøk. Nærmare enn to løp på 2.18,1 kom han ikkje.
Då rekorden til slutt vart slått, var det av ein nordmann, Mikael Staksrud .
Det skjedde med eit brak under EM i Davos 31. januar 1937. Staksrud vart europameister, og vann 1500-meteren på 2.14,9. Også Hans Engnestangen (2.15,0) og Georg Krog (2.17,3) gjekk under Oscar Mathisens gamle rekord den dagen.
5000 m var viktigare
Det var forresten ikkje verdsrekorden på 1500-meteren som var Oscar Mathiesens primære mål med turen til Davos den januardagen i 1914. Det var 5000-meterrekorden han jakta på, skriv
.Alle dei andre verdsrekordane hadde nemleg Oscar Mathisen sjølv. Og han hadde svært god lyst til å ta den siste også.
Det klarte han. Med 8.36,6 slo han Nikolaj Stroennikovs tre år gamle rekord med seks tideler. No var alle dei klassiske rekordane på Kristiania-løparen sine hender.
Men 5000-rekorden vart raskt slått. Det gjorde Mathisen sjølv to år seinare i det som skulle bli hans siste løp som amatør.
Men det var 2.17,4 som fekk legendestatus. Det er den som står med lysande skrift i historiebøkene.
Clas Thunbergs trøyst
Og Clas Thunberg? Han kan faktisk skryte av å ha hatt den lengstlevande av alle offisielle skøyterekordar.
11. januar 1930 gjekk han 1000-meteren på 1.28,4. Det gjekk 9132 dagar - eller 25 år og ein dag - før den blei slått.
Men 1000 m var ein svært ukurant distanse i dei dagar, og det gjekk år og dag mellom kvar gong ein toppløpar gjekk distansen i offisielle stemne. Først med innføring av sprint-VM vart 1000-meteren vanleg for skøyteløparane.
Og kven var det Thunberg tok 1000 m-rekorden frå? Oscar Mathisen, sjølvsagt. Mathisens rekord hadde stått i 21 år.