Ny seriepyramide vedtatt - ingen lag rykker opp frå 3. divisjon i år

OSLO (NRK): Fotballtinget vedtok i ettermiddag endring av ny seriepyramide. Det betyr at ingen lag i årets tredjedivisjon vil rykke opp.

Lyn

FÅR IKKJE RYKKE OPP: Lyn rykka ned frå 2. divisjon i fjor, men får no ikkje sjansen til å rykka rett opp att.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Før årets fotballting har den store snakkisen vore forslaget om endring i seriepyramiden. Endringa ville gjere at ingen lag frå denne sesongens tredjedivisjon vil få mogelegheita til å rykke opp, og det har skapt reaksjonar blant opprykksjagande tredjedivisjonslag.

Forslaget frå forbundet såg slik ut:

Endringsforslag frå Troms

Øyvind Alapnes i Troms fotballkrets framma forslag om at den nye fjerdedivisjon skulle utvidast frå 18 (originalt forslag) til 24 avdelingar.

– Med denne endringa vil reisebelastninga for laga i den divisjonen bli mykje mindre og vi slepp at lag må reise i to døgn for å spele kampar, sa Alapnes frå talarstolen.

Denne endringa gjorde at forslaget vart vedtatt med 127 stemmer for og 55 stemmer imot. Endringa gjeldt frå 2017, med 2016 som overgangssesong.

I det originale forslaget låg det til grunn at endringa skulle bli innført allereie i år. Etter forslag frå Lyn vart det stemt på om dei skulle utsette endringa til å gjelde for neste sesong, men det vart nedstemt med 120 stemmer mot 62 stemmer.

I og med at andredivisjon skal kuttast frå fire til to avdelingar, vil ingen lag rykke opp frå tredjedivisjon i år.

Det betyr at opprykk mellom første- og andredivisjon blir som i år, men halvparten av laga i andre- og tredjedivisjon rykker ned.

Færre lag ned frå 1. divisjon

Endringa får ingen direkte konsekvens for eliteserien, men færre lag vil rykke ned frå 1. divisjon.

Fleire sa på talarstolen at det var på tide med ei endring, då 25 prosent av laga i 1. divisjon har rykka ned dei siste sesongane.

– For å utvikla unge spelarar må ein ha meir forutsigbarheit. Slik det har vore har mange spelt med etablerte spelarar for å berga plassen. Det skapar ingen god utviklingsarena, sa Roald Brun-Hanssen i Åsane fotball.

Siste nytt

  • Rogne og Aleesami fra start

    Både Thomas Rogne og Haitam Aleesami er med fra start når IFK Göteborg gjester Helsingborg klokken 15:00 i dag.

    Laster Twitter-innhold

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM rallycross
VM rallycross
4-4-2 Eliteserien Odd - Strømsgodset og Sogndal - Lillestrøm
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
Sportsrevyen