For dei øvste divisjonane blir den største endringa at berre to lag rykkjer direkte ned frå 1. divisjon når strukturen er på plass frå 2017. I dag er det fire lag som må ned.
Samstundes blir talet på avdelingar i 2. og 3. divisjon halvert. Det får konsekvensar også for komande sesong.
2016 blir eit overgangsår i og med den nye seriepyramiden som fotballtinget vedtok i dag.
Det betyr følgjande for sesongen som tek til om to veker:
- Eliteserien: Ingen endring.
- 1. divisjon (nivå 2): Ingen endring.
- 2. divisjon med fire avdelingar (nivå 3): Avdelingsvinnarane rykkjer opp som vanleg. Nummer 2-7 blir i divisjonen, nummer 8-14 rykkjer ned.
- 3. divisjon med 12 avdelingar (nivå 4): Ingen rykkjer opp. Nummer 1-4 pluss dei åtte beste 5.-plasserte laga i dei ti sørnorske avdelingane går inn i den nye Regionligaen. Frå dei to nordnorske avdelingane går nummer 1-4 inn i Regionligaen. Resten går til kretsligaen, som skal ha 24 avdelingar.
Dette skal leie fram til den nye seriestrukturen som skal gjelde frå 2017:
- Eliteserien (nivå 1): 1 avdeling med 16 lag, der dei to siste rykkjer ned, og tredje siste laget går til kvalik. Uendra frå i dag, med andre ord.
- 1. divisjon (nivå 2): 1. avdeling med 16 lag. Dei to beste rykkjer opp, nummer 3-6 til kvalifisering. Dei to siste rykkjer ned, tredje siste laget spelar kvalifisering.
- 2. divisjon (nivå 3): 2 avdelingar med 14 lag i kvar. Vinnarane rykkjer opp, toarane spelar kvalifisering. Dei tre siste i kvar avdeling rykkjer ned.
- 3. divisjon (Regionalligaen, nivå 4): 6 avdelingar med 14 lag i kvar. Vinnarane rykkjer opp.
- 4. divisjon (nivå 5): 24 avdelingar som er inndelt etter kretsgrenser. Forbundet hadde foreslått 18, men etter forslag frå troms blei dette endra til 24.