14.000 tilskodarar har akkurat jubla for heile Sveriges Charlotte gjennom Sunnes gater. Som vanleg er 27-åringen heilt suveren på heimebane – når ho slepp konkurranse frå norske rivalar.
Laurdag var det hennar eigne lagvenninner med Linn Sömskar og Stina Nilsson i spissen, som fekk bank under minneløpet etter tidlegare landslagstrenar Inge Bråten i Sunne, då Kalla verkeleg viste prov på god sommartrening.
Vil gå fleire renn enn før
– Det var verkeleg artig å gå i dag. Kroppen kjennast god, sjølv om eg har kjent meg litt sliten i det siste, smiler Kalla, som akkurat har forsikra eit letta publikum om at ho ikkje er gravid.
LES SAKA: Northug røper fremtidsplaner: – Satsar mot Lahti
For med Marit Bjørgen ute neste vinter er plutseleg Kallas største konkurrent borte.
– Eg klarte nesten ikkje å slutte og smile då eg høyrde at Marit og Fred Børre ventar barn. Det var veldig hyggeleg – men eg blei litt overraska. Eg hadde gledd meg til nye fightar mot Marit til vinteren, seier Kalla.
Bjørgen-fight eller ei, Kalla trur uansett konkurransen frå nabolandet blir knallhard. Spesielt i hennar store mål denne sesongen, Tour de Ski.
Der har ikkje vinnaren frå den andre utgåva av Touren i 2008 stått på startstreken sidan 2012/2013-sesongen
– Det skal bli veldig kult å gå touren igjen. No er det ein stund sidan sist, men det er ein konkurranseform eg likar veldig godt der det gjeld å beherske alle teknikkar, stilar og distanser. Tour de Ski og den nye touren i Canada blir dei store måla mine i vinter og eg gler meg til å gå mange fleire renn eg har gjort dei siste sesongane.
Vil heve seg i sprint
For å gje dei norske enda hardare kamp enn i fjor jobbar Kalla spesielt med ein spesiell ting i sommar.
– Det kjennest som at det blir enda viktigare for meg å hevde meg i sprint til vinteren. Eg fokuserer mykje på meg heve meg der i treninga i sommar, seier Kalla som ikkje har vore på ein verdscuppall i sprint sidan november 2011 i Kuusamo.
Skal ho nå målet om på ny klatre fyrst til topps i monsterbakken opp Alpe de Cermis kan nok det vere ein nødvendigheit. I år består Touren igjen av to sprintetapper.