- Kampfakta: Start - Sarpsborg 08 (1-1)
Første omgang var eit langt geisp i oppgjeret mellom Start og Sarpsborg 08 på Sør Arena. Ingen av laga spelte seg til ein einaste målsjanse.
Men Start-trenar Mons Ivar Mjelde hadde tydelegvis trykt på dei rette knappane i pausen. For etter berre 45 sekund fekk Start hol på byllen.
Toppscorar Matthias Vilhjalmsson kom seg fri inne i feltet på eit hjørnespark og heada ballen i mål.
Dette var islendingen si 11. scoring i eliteserien denne sesongen.
Scoring frå 20 meter
Kvarteret seinare burde heimelaget ha dobla leiinga. Start kontra Sarpsborg 08 i senk og kom to mot tre i angrep. Målscorar Vilhjalmsson slo ei 45 graderspasning ut til Owello som drog til. Ballen gjekk himmelhøgt over frå 16 meter.
Men Sarpsborg 08 skulle slå tilbake. Steffen Ernemann prøvde seg på eit langskot frå 20 meter. Ballen gjekk via Jesper Mathisen og sette dermed Start-målvakt Håkon Opdal ut av spel. Dermed utlikna gjestene til 1-1.
Østfoldingane heldt fram med å prøve seg frå distanse etter utlikna. Kaptein Tom Erik Breive var nær då han skaut frå 25 meter, men ballen centimeter over tverrliggjaren.
Sarpsborg framleis sist
Med uavgjort mellom dei to laga står Start med 32 poeng med fire serierundar att. Sarpsborg 08 ligg framleis heilt sist på tabellen med 24 poeng.
Østfoldingane har ein kamp meir spelt enn Hønefoss og Tromsø som spelar seinare søndag. Avstanden opp til sikker plass er på fem poeng for Sarpsborg 08.