– Vi har på bakgrunn av dei opplysningane som har komme fram i media funne det naudsynt å be om tilleggsinformasjon frå Rosenborg. Klubben har fått frist til kontortida er slutt fredag, seier leiar i påtalenemnda, Egil André Berglund.
Det betyr at Rosenborg likevel kan få straff i Gunnarsson-saka.
Hoftun vil ikkje trekke seg
Torsdag innrømma Rosenborgs sportslege leiar, Erik Hoftun, at han visste om Stabæks vidaresalsavtale med Nancy då trønderane la inn eit kunstig bod på Veigar Páll Gunnarsson.
Med dette ga dei Stabæk moglegheit til å snyte franske Nancy for eit millionbeløp. Det hevdar Hoftun at han ikkje innsåg.
– Eg har lyst til å seie at eg er lei meg for at eg gjekk med på ein slik fordeling. Det skulle ha ringt ei bjelle, og det gjorde det ikkje, seier Hoftun til Adresseavisen.
NRK møtte ein overraska Hoftun på Lerkendal torsdag ettermiddag. Han verka prega etter den nye innstillinga frå Påtalenemnda.
– Påtalenemnda har fått alt frå oss. Vi ga også ut pressemeldinga torsdag for at vi skulle sleppe å gjenta dette i dag, seier Hoftun.
– Blir det aktuelt å trekke seg til side medan denne saka pågår?
– Nei, svarar Hoftun, som ikkje ville forklare seg meir detaljert.
Støtte i styret - kritikk frå fansen
Også styreleiar i klubben, Terje Svendsen, har uttalt at Hoftun sit trygt. Det trass i at supporterklubben «Kjernen» onsdag gjekk ut og kritiserte den sportslege leiaren.
– Vil denne saken få konsekvensar for Hoftun?
– Nei.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Har kjennskap til korrespondansen mellom partane i forhandlingsrunden
Berglund i Påtalenemnda vil ikkje gå nærare inn på om dei var klar over at Rosenborg visste at Gunnarsson var prisa unaturleg lågt.
– Eg vil ikkje kommentere dette meir enn at vi har gjort reie for og har kjennskap til korrespondansen mellom partane i forhandlingsrunden, seier Berglund.
Når Rosenborg kjem med meir informasjon vil Påtalenemnda vurdere om det er grunnlag for å endre eller utvide meldinga til å omfatte fleire enn Vålerenga og Stabæk.
- SJÅ VIDEO FRÅ ARKIVET:
Jussekspert: – Vålerenga og Rosenborg har gjort det same
Onsdag sa Påtalemnda at dei ikkje ville forfølgje Rosenborgs rolle i Gunnarsson-saka.
- LES OGSÅ:
Det fekk ekspert på fotballjus, Kenneth André Leren, til å reagere. Han klarte ikkje klarte å skjønne kvifor Rosenborg og Hoftun slapp same reaksjon som VIF-direktør Truls Håkonsen.
– I prinsippet har dei to gjort det same slik det kjem fram, og eg klarer ikkje å sjå ulikskapen mellom dei to. Men eg tviler på at det blir reagert overfor Rosenborg, og det finn eg rart, seier Leren som meiner at Rosenborg-bodet er rettsleg like straffbart som det Vålerenga er tiltalt for.
- LES OGSÅ:
Vil gjere ny vurdering
No kan nye opplysningar frå Rosenborg få Påtalenemnda til å endre standpunkt.
– Jussekspertar meiner at Rosenborg, uansett om dei ikkje gjennomførte transaksjonar, er skuldige i forsøk på svindel. Kva meiner de i Påtalenemnda om dette?
– Det vil eg ikkje kommentere nærare. Vi har gjort ei vurdering basert på dei opplysningane vi sit på frå tidlegare. Vi skal gjøre ein ny vurdering basert på det vi får frå Rosenborg, og det som kjem fram i tilsvara frå dei to andre klubbane.
– Meldinga av klubbane kan endrast i fleire retningar, både innskrenkande og utvidande avhengig av kva som kjem fram, seier Berglund.
- SJÅ VIDEO: