Etter at TV2 gjorde det kjend at Rosenborg på eit tidspunkt var involvert i Stabæks overgangssak rundt Veigar Páll Gunnarsson, gjekk supporterklubbens mediekontakt hardt ut mot sin eigen klubb.
På nettsida til «Kjernen» beklaga Kenneth Kjelsnes offentleg noko han beskreiv som uærlegheit og kjeltringstrekar av trønder-klubben.
«Supportere finner seg i mye fra klubbene sine. Uærlighet og kjeltringstreker finnes det imidlertid ingen unnskyldning for. Vi skammer oss dypt over handlemåten til enkeltpersoner som er ansatt for å gjøre forretninger på vegne av klubben vår.»
Onsdag fortalde påtalenemnda, ifølgje TV2, at Rosenborgs involvering ikkje ville få konsekvensar.
– Påtalenemnda har funne ut at det ikkje er grunnlag for å anmelde Rosenborg. Det er lagt vesentleg vekt på at då tilbodet blei førelagt dei med beslutningsevne (styret, red. anm) i RBK, blei det kasta umiddelbart, opplyser Berglund.
– Rosenborg og Hoftun burde avslutta tidlegare
Dette får Kjellsnes til å trekke tilbake kritikken mot klubben.
– Brevet var ei situasjonsbeskriving etter at nyheiten sprakk i går. For oss såg det ut som at Rosenborg var ein aktiv deltakar. Men no ser dette meir usikkert ut, seier Kjelsnes.
Likevel meiner han at Rosenborg ikkje burde gått så langt som dei gjorde i forhandlingane med Stabæk.
– Saka burde vore avslutta av Rosenborg, og då spesielt sportsleg leiar Erik Hoftun, på eit tidlegare tidspunkt. Det burde ikkje vore naudsynt å ta med kreative løysingar av denne formen vidare, seier Kjelsnes.
– Seier mykje om etikken i Stabæk
No vil Kjernen at klubben fortel opent om korleis saka gjekk føre seg i klubben.
– Vi ser i dag at det ikkje er stadfesta at Rosenborg er aktiv deltakar. Vi ønskjer meir informasjon om Rosenborg si rolle før vi heilt bombastisk kan seie noko om korleis Rosenborg har opptrådd eller ikkje, seier han.
– Kva fortel denne saka om moralen og etikken i Rosenborg?
– Vi har ingen grunn til å tru at Rosenborg har lav moral eller etikk. Vi kjenner ikkje fullt og heilt til saka. Det seier mykje om at det står labert til med etikken i Stabæk, seier Kjelsnes.