– Eg er overraska, for eg kjenner Harald Aabrekk som ein av dei dyktigaste på struktur i forsvarspelet. Også intensiteten er dårleg. Og akkurat no ser det ut som det er blitt kasta ein pose med non-stop på taktikktavla, eller ei klase med druer, seier NRKs fotballekspert Tom Nordlie.
– Eg veit ikkje kva som har skjedd. Men starten til Aalesund er Eliteseriens største overrasking med tanke på at det er Harald som trenar dei, seier Nordlie.
Manglar struktur og intensitet
Harald Aabrekk valde å starte kampen med fem forsvarsspelarar, men vedgjekk at oransjetrøyenes defensive spel var langt under pari.
- Vi har ikkje tempoet inne på dette nivået endå, og vi var ikkje skrudd på frå starten av. Det var tempoforskjell på laga, og spesielt i pasningsspelet, oppsummerte Aabrekk til TV 2, og sa dette om forsvarsspelet:
- Det er ikkje bra nok. Det er viktig for oss å erkjenne måten ein del av måla kom på, for det var ikke bra i det hele tatt, sukka han.
Også mot Rosenborg i første serieomgang blei det eit 5-1-tap, mens det blei 1-1 mot Lillestrøm førre helg.
– Dei har møtt to av dei beste laga på papiret. Men dei har sluppe inn 11 mål på tre kampar, og det er voldsomt mykje. Det skjer ikkje dersom du har struktur og intensitet i forsvarsspelet. Ein ting er at laget er i ubalanse, men dei har ikkje intensitet som kan reparere det heller, fortsetter Nordlie.
– Skremmande
Også Aalesund-legenda Amund Skiri er rysta over den svake starten til gamleklubben.
– Det å tape mot Rosenborg og Molde er ikkje skremmande. Men det er måten det skjer på som er skremmande, sier Amund Skiri til NRK.
37-åringen spelte nærare 500 kampar for Aalesund i løpet av 15 sesongar. I dag er han hovudtrenar for 3. divisjonsklubben Herd og fotballekspert i C More.
– Viljen til å duellere er ikkje god nok, og laget flyttar ikkje beina sine raskt nok, seier Skiri.
– Aalesund kan ikkje halde fram å gje frå seg slike sjansar i eigen boks. Harald Aabrekk har vist før at han har kunnskap og kapasitet til å rette opp i dette. I sin førre periode i Sogndal var han jo spesielt god i det defensive arbeidet, seier Skiri.
Lite Guardiola-fotball
Før sesongen uttalte Aabrekk at han var inspirert av Pep Guardiolas Bayern Munchen og lovde eit agressivt defensivt spel. Det har vi sett lite av.
– Akkurat no er ikkje Bayern München det første eg tenkjer på når eg ser Aaleund. Eg trur heller dei skal fokusere på å forbetre det defensive arbeidet, seier Amund Skiri.