Hopp til innhold

Med kløkt skal VM vinnast

KOMMENTAR: VM-finalen mellom USA og Japan vert eit møte mellom vidt forskjellige spelestilar. Det gir fordelar til begge laga, men flest i favør USA.

Tobin Heath

FAVORITT: USA med mellom anna Tobin Heath (t.v.) og Ashlyn Harris er knapp favoritt i finalen.

Foto: Michael Chow / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

Vi har vore vitne til eit jamt og uhyre spennande fotball-VM for kvinner. Det er absolutt fortent at USA og Japan møtest i finalen, men sanninga er at begge har mått streve på vegen. USA stanga lenge mot Kina i kvartfinalen, medan Japan trong eit sjølvmål frå Englands ulykksalege Laura Bassett for å avgjere semifinalen.

(Artikkelen fortsetter under videoen)

USAs vei til finalen

Eg vil påstå at hovudgrunnen til at USA og Japan er i finalen, er defensive kvalitetar. USA har berre slept inn eitt mål i heile turneringa, Japan tre. Dette betyr ikkje at laga er keisame å sjå på, men snarare at dei har klart å utvikle kvar sin variant av det perfekte forsvar.

Japan forsvarer seg ved å halde på ballen, dra ned kamptempoet og frustrere motstandaren, som gjerne må jage store delar av kampen. USA, på si side, har ein betongmur av eit forsvar, leia av den formidable midtstopparen Julie Johnston. Her handlar det om duellstyrke, løpskraft og knallhardt arbeid for å gjenvinne ballen - “100%!”, som dei amerikanske spelarane ropar til kvarandre under kampane.

(Artikkelen fortsetter under videoen)

Japans vei til finalen

Spørsmålet er: kven av laga er best skikka til å hamle opp med sin rake motsetnad?

Fysikk mot finesse

Eitt aspekt som talar til fordel for USA, er at dei gjorde sin beste kamp i VM i semifinalen. Det er noko av det mest imponerande eg har sett i heile meisterskapen. Sjeldan har Tyskland sett så makteslause ut i ein sluttspelkamp. Formasjonsendringa frå 4-4-2 til 4-2-3-1 gav maks uttelling, og det er all grunn til å tru at trenar Jill Ellis går for same opplegg i finalen.

Japan

FINSTEMT: Japan er som eit finstemt klaver, der alle enkeltkomponentane held høg teknisk klasse. Her er Aya Sameshima (t.v.) og Saki Kumagai.

Foto: GEOFF ROBINS / Afp

Japan, derimot, strevde mot eit lag som minner ein heil del om USA, og har nok grubla på korleis dei skal demme opp for dei amerikanske energibuntane. I semifinalen fekk dei mindre ut av sin kompakte 4-4-2 enn vanleg, og det spørs om trenar Norio Sasaki – ein mann som likar å halde seg til same formel - har ein vidunderkur på lur til finalen.

Det er ein klisjé, men finalen kjem til å vere eit møte mellom fysiske og tekniske eigenskapar. Japan er som eit finstemt klaver, der alle enkeltkomponentane held høg teknisk klasse. Når dei vert utfordra på rå muskelkraft, spenst og fart, vert det fort ulyd i maskineriet.

USA har for all del enkeltspelarar med gode ballferdigheiter, særleg Alex Morgan, som briljerte mot Tyskland. Men nøkkelen til suksess ligg i å knuffe Japan ut av stilen, slik England klarte i semifinalen, og køyre raske overgangar.

For Japan sin del handlar det om å ramme USA sin einaste openberre defensive akilleshæl: balltap i det djupe midtbaneleddet. Då Tyskland pressa som verst dei 20 første minutta av semifinalen, såg vi eit amerikansk lag som strevde noko frykteleg med å gjere noko fornuftig med ballen. Her kan den kompakte og fotrappe midtbanen til Japan verkeleg kome til sin rett, viss dei klarer å henge tett på Morgan Brian og Lauren Holiday.

Det Japan for all del må unngå, er at USA får slått opp langt, over midtbaneleddet, som dermed kan kome susande i angrep mot eit japansk forsvar i undertal. Sjølv Tyskland, med sitt meir enn kyndige forsvar, vart totalt overrumpla av dei presise langballane frå Johnston opp mot anten Morgan eller kantspelarane, Megan Rapinoe og Tobin Heath.

Kunsten å score først – og sist

Ideen om at mål pregar fotballkampar er ein annan klisjé som gir god meining å bruke inn mot denne kampen. USA må for all del ikkje hamne bakpå mot Japan, slik at japanarane kan trille ball inn langt inn den kanadiske solnedgangen. Japan har scora 33% av VM-måla sine i løpet av det første kampkvarteret.

Viss Japan gjer det same i finalen, vil det ha to effektar. Det vil gje dei ro til å køyre sitt vante possession-spel, og det vil utfordre USA på det punktet dei er svakast offensivt: å føre kampar mot etablert forsvar.

Det USA er best på, er å slå til når motstandaren har sprunge frå seg det mest intense presset. Dei har scora to tredjedelar av måla sine frå det 45. til 70. minutt, altså i ein fase av kampen der motstandaren gjerne skulle ynskja at dei ikkje hadde brent alt kruttet før pause. Skal dei lukkast med dette i finalen, må dei altså sørgje for at Japan må presse.

Den andre kampfasen der Japan ofte scorar, er dei siste 15 minutta. Nok eit fakta som fortel kor forskjellige desse laga er. Også denne eigenskapen heng saman med spelestilen. Japan likar å mørne motstandaren nesten heile kampen, for så å slå til som ein kobra når det gjeld som mest.

Potensielle matchvinnarar

På vegen fram til finalen vann Japan samtlege kampar med eitt mål. Det er for så vidt imponerande, men ber samstundes vitnemål om eit lag som ikkje akkurat er i stand til å score på bestilling. For å illustrere: I første gruppespelkamp vann Japan 1-0 over Sveits, som i sin tur slo Ecuador heile 10-1. Japan greidde berre å vinne 1-0 mot Ecuador.

Den manglande evna til å score mange mål heng saman med to ting. For det første ein hang til veldig omstendeleg angrepsoppbygging, som tidvis betalar seg i fantastisk kombinasjonsspel, tidvis i ueffektiv somling. For det andre ein mangel på enkeltspelarar som kan avgjere kampar. Den einaste japanske spelaren med meir enn eitt mål i VM er driblefantomet Aya Miyama, som typisk nok har scora begge på straffe. Den vidunderlege teknikken hennar er eit viktig våpen, men det er vanskeleg å sjå nokon andre som kan gjere noko ekstraordinært foran mål for Japan.

USA er også først og fremst eit godt kollektiv, men dei har fleire enkeltspelarar som kan stå fram når det gjeld som mest. Johnston og stopparkollega Becky Sauerbrunn er begge livsfarlege i lufta. Morgan kan springe frå dei fleste forsvar, og rutinerte Carli Lloyd har hatt ei fabelaktig turnering. Ho fann seg for alvor til rette som hengande spiss i 4-2-3-1, og er nok rimeleg motivert før oppgjeret. Lloyd bomma nemleg i straffekonken mot Japan i VM-finalen 2011.

Det er alltid vanskeleg å spå utfallet når to så ulike lag møtest. Denne kampen kjem til å arte seg som eit sjakkparti, der den som klarer å flytte brikkene med mest kløkt i avgjerande situasjonar vil vinne. Eg spår ein open og jamn batalje, men vil likevel, ut frå formkurve i meisterskapen og matchvinnarpotensialet, utpeike USA til knapp favoritt.

Det einaste eg er heilt sikker på, er at dei som held seg vakne i natt har litt av ei fotballoppleving i vente.

Fotball

  • Bytyqi terminerte kontrakten i Tyrkia - trener mot Viking

    Zymer Bytyqi bekrefter overfor Stavanger Aftenblad at han har terminert kontrakten sin med den tyrkiske toppklubben Antalyaspor.

    – Det har vært litt av en prosess og mye stress de siste dagene. Jeg har ikke tenkt så mye på framtiden nå. Akkurat nå ser jeg fram til ro, sier 27-åringen til Aftenbladet.

    Bytyqi gjorde i 2021 overgang fra Viking til Konyaspor, før reisen gikk videre til Olympiakos to år senere. I fjor sommer reiste han tilbake til Tyrkia og signerte for Antalyaspor, hvor han endte med to mål og fire målgivende på 33 kamper.

    Kantspilleren ønsker imidlertid ikke å oppgi noen årsak for hvorfor kontrakten er terminert. Hans opprinnelige kontrakt varte til sommeren 2026.

    Etter bruddet med Antalyaspor, snakket Bytyqi med Viking-trenerne og fikk lov å trene med gamleklubben.

    – Det er veldig hyggelig at jeg får være med. Jeg har ikke hastverk med å finne en ny klubb, sier Bytyqi.

    Han legger til at han har gode kort på hånden, og at han skal trene med Viking så lenge han er velkommen. (NTB)

    Eliteserien 2020: Viking - Vålerenga (2-2)
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Klopp om mulig arvtager: – Høres veldig bra ut

    Jürgen Klopp uttaler seg veldig positvt om Arne Slot, som er i detaljer om å bli Liverpools nye manager.

    Tidligere denne uken tok klubbens jakt på Klopps erstatter en klar vending. Slot ble pekt ut som favoritt, og torsdag bekreftet Feyenoord-treneren at han er i samtaler med Liverpool.

    På fredagens pressekonferanse fikk Klopp spørsmål om nederlenderen, og sa at han liker mye ved det.

    – Jeg er ikke involvert i prosessen, men jeg liker måten laget hans spiller på. En god trener og en fin fyr. Hvis han er mannen, så blir jeg mer enn fornøyd, sier Klopp.

    – Det er ikke opp til meg å bestemme, men det høres veldig bra ut, forsetter den avtroppende Liverpool-manageren. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Andrew Boyers / Reuters
  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP
  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP
  • Moldes stjerneduo spilleklare etter skade

    Både Fredrik Gulbrandsen og Magnus Wolf Eikrem er tilgjengelig for å starte når Molde tar imot Haugesund i Eliteserien søndag.

    Det bekrefter trener Erling Moe overfor TV 2.

    – De er klare til å kunne starte. De er med i betraktningen, og så får vi se hvilket lag vi ender på til slutt, sier Moe.

    Molde-treneren forteller også at Markus Kaasa og Martin Linnes ikke er så langt unna en retur.

    – Det begynner å se bedre ut, og det er selvfølgelig bra for oss, sier han.

    Gulbrandsen måtte av med skade i serieåpningen hjemme mot Strømsgodset, men fikk sitt første innhopp etter skaden da blåtrøyene slo Strindheim i cupens andre runde onsdag.

    Det gjorde også Eikrem, som måtte stå over storoppgjøret borte mot Bodø/Glimt forrige helg. (NTB)

    Gulbrandsen og Eikrem
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland