Det betyr den første kampen på engelsk jord for Luis Suarez sidan han reiste frå Liverpool i sommar.
Kampen blir elles ein reprise frå tilsvarande runde i førre sesong. Barcelona vann begge kampane og 4-1 samanlagt.
– Det var vanskeleg for oss då, og det blir det no også. Men vi veit alt om dei, og vi veit at det blir tøft. Det er to lag med utruleg gode spelarar som møtest, og alt kan skje, sa Barcelonas representant på trekninga til Eurosport.
Zlatan vs. Chelsea
Også kampen mellom Zlatan Ibrahimovics Paris Saint-Germain og Chelsea blir ein storkamp i første knockout-runde i meisterligaen denne sesongen.
– Vi møttest i kvartfinalen, men begge laga er no svært ulike dei frå i vår, sa Chelseas klubbeskretær David Barnard til Sky Sports.
– Men det er iallfall lett å reise for fansen, la han til.
Laga møttest også i kvartfinalen i vår. Då kom Chelsea tilbake frå 1-3 i første kamp og avanserte på bortemål.
Arsenal jublar
Arsenal møter Monaco, og det er ei trekning klubben er glad for.
– Då vi vart trekte ut, visste vi at dei vanskelegaste motstandarane allereie var plassert i andre kampar. Vi er glade for å ha unngått dei, sa Arsenals klubbsekretær David Miles. Arsenal er i mesietrligaens knockout-fase for 17. år på rad.
Begge førre sesongs finalistar skal til Tyskland. Real Madrid møter Schalke, Atletico Madrid møter Bayer Leverkusen.
Første del av åttedelsfinalene skal spelast 17./18. og 24./25. februar, returkampane 10.11. mars og 17./18. mars. Gruppevinnarane spelar borte først.
Finalen skal spelast på Olympiastadion i Berlin 6. juni.