Hopp til innhold

Livet utan Ødegaard

KOMMENTAR: Utan Martin Ødegaard er Strømsgodset nødt å bygge eit skikkeleg lag. Det kan bli til ein fordel for David Nielsens menn.

martin

Martin Ødegaard vart kjapt ledestjerna på Strømsgodset i fjor. No må det medaljesugne laget klare seg utan ungguten. Her er Ødegaard avbilda saman med Marvin Ogunjimi på ei trening med gamleklubben, før overgangen til Real Madrid.

Foto: Larsen, HÃ¥kon Mosvold / NTB scanpix

Eit av dei verkeleg store spørsmåla før eliteserien startar om ei veke, er korleis Strømsgodset kjem til å klare seg utan Martin Ødegaard.

Eliteserien er ein profil fattigare, men det har blitt spekulert i om endringa faktisk er til fordel for Strømsgodset, fordi dei no må bygge eit skikkeleg lag.

Ei sterk sesongoppkøyring har styrka denne teorien. Laurdag blei det nok ein siger, då Strømsgodset vann 2-1 over Lillestrøm i vårens siste treningskamp.

I fjor vart SIF bygd rundt Ødegaard, noko trenar David Nielsen eksplisitt slo fast då han tok over laget etter Ronny Deila.

Det gjekk troll i ord, i positiv forstand: Ødegaard scora i Nielsen sin første kamp som hovudtrenar.

iver

Strømsgodsets Iver Fossum reknast som eit av dei største norske fotballtalenta bak Martin Ødegaard.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Det gjorde også han som har fått den tunge oppgåva med å erstatte 16-åringen - 18-åringen Iver Fossum, som i likskap med Ødegaard har eit rikt register av offensive ferdigheiter.

Kollektiv versus individ

Det er ikkje heilt korrekt å kalle Fossum ein erstattar, for han ein annleis spelartype enn Ødegaard.

Medan sistnemnde har akselerasjon og dribleferdigheiter, og dermed kan fungere fint i ei kreativ kantrolle, er Fossum ein løpssterk sentral midtbanespelar, som også kan vere indreløpar.

Ødegaard-erstatninga må derfor skje kollektivt, ikkje individuelt.

Dette forklarer den hyppige taktiske roteringa til trenar Nielsen, som i årets treningskampar har veksla mellom 4-2-3-1, 4-3-3 og 4-4-2.

Fossum er fleksibel nok til å kunne briljere i alle variantar. Når det er sagt, så har han vist best takter som offensiv sentral midtbanespelar i 4-2-3-1, som i treningskampen mot Vålerenga, då han scora hat-trick.

Både Lillestrøm og Strømsgodset starta sesongens siste treningskamp i sistnemnde formasjon laurdag. Men Fossum var ikkje på banen i generalprøva, fordi han var utteken på det norske G19-landslaget.

I fråveret hans greidde lagkameratane berre unntaksvis å dominere mot eit godt organisert Lillestrøm.

LSK blei knust heile 6-1 av Odd på Skagerak Arena for ei veke sidan, og LSK-trenar Rúnar Kristinsson hadde openbert drilla det defensive inn mot SIF-kampen.

nilesen og martin

Godset-trenar David Nielsen bygde heile spelet rundt Martin Ødegaard i fjor.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Betong mot ballett

Kampen var eit møte mellom to relativt ferske eliteserietrenarar. Som spelarar var Nielsen og Kristinsson rake motsetnader.

Kristinsson var motoren i det ekstremt fysiske og løpssterke Lillestrøm-laget frå slutten av 90-talet. Denne tilnærminga har han vidareført i trenarrolla.

«Vi jobber mye med kondisjon. For å være så aggressive som vi må være om vi skal gjeninnføre Åråsen som et fort, det krever at vi orker», sa Kristinsson i eit ferskt Josimar-intervju.

nielsen

Flamboyant som spelar, glad i press med høg intensitet som trenar. David Nielsen trenar Strømsgodset i sin andre sesong.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Nielsen var ein flamboyant og eigenrådig spiss, som måtte jagast med kjepp for å bidra defensivt.

Som trenar, derimot, forventar han spelarar som presser med høg intensitet, i tråd med filosofien til forgjengaren i Strømsgodset, Ronny Deila.

«Vi ønsker å angripe komplisert», sa Nielsen til same blad som Kristinsson, men la til at dei ynskjer å gjere ting enklare enn i fjor.

Det siste såg vi allereie i det 9. minutt, då SIF storma i angrep ved hjelp av hurtig pasningsutveksling.

Det noko temposvake LSK-forsvaret hamna bakpå, og kaptein Frode Kippe måtte ty til ulovlege middel for å stoppe danske Bassel Jradi på veg gjennom.

Petter Vaagan Moen steig fram, til piping frå heimefansen, men alt han klarte var å lokke fram ei utmerkt redning av Arnold Origi i LSK-målet.

Innleiingsvis blei Lillestrøm pressa bakpå gjentekne gonger av dei tre offensive hos SIF: Storflor (venstre), Vaagan Moen (sentralt) og Flemur Kastrati (høgre).

Hadde det ikkje vore for at samspelet med midtspiss Thomas Sørum aldri klikka heilt på plass, kunne Lillestrøm fort låge under etter det første kvarteret. Men dei haldt unna.

Uforløyst angrepsspel

Om Kristinsson har mykje å grunne på defensivt, er det kanskje enno meir å ta tak i framover. Ivorianske Moryke Fofana skapte ein del på venstresida, som i det 27. minutt, då han dribla seg gjennom åleine. Men midtspiss Erling Knudtzon mangla timing, både i den situasjonen og resten av kampen.

I det 68. minutt blei han bytt ut med den nigerianske 19-åringen Fred Friday, som heller ikkje klarte å fylle spissrolla med overtyding.

Til gjengjeld var 18-åringen Mohamed Ofkir frisk på høgresida, og den gamle krigshesten Bjørn Helge Riise hadde eit par farlege innlegg frå same kant. Men det meste blei enkelt rydda unna av kaptein Jørgen Horn og resten av SIF-forsvaret.

Når sesongen tek til må LSK etablere meir trykk i boksen dersom det skal bli mål av innlegga.

Utan Marius Lundemo – som i likskap med Fossum var oppteken med landslagsfotball - gjekk mykje av ballfordelinga via Johan Andersson, som har ein trygg høgrefot, men som ikkje er ein visjonær playmaker-type.

Mykje var lett å lese for det solide SIF-forvaret.

Godset viste dessuten glimt av klasse på midtbanen, særleg dei to sentrale defensive, Mohammed Abu og Jradi, som synte fram ballkontroll og fysikk i skjøn foreining.

LSK klarte likevel å ta over kampen i andre halvleik av første omgang, og etter pause rusa dei ut av startblokkene med ei intensitet dei til då hadde mangla.

Det betalte seg raskt. I det 48. minutt blei Jørgen Kolstad lagt i bakken innanfor 16-meteren til SIF. Det påfølgjande straffesparket blei enkelt ekspedert i mål av Fofana, som var eit lysglimt i ein lite spektakulær kamp.

Leiinga gjorde det enklare for LSK å kontrollere spelet i kraft av sin defensivt solide midtbane. Dei er langt betre i slike fasar av spelet enn når dei må føre kampen sjølve. I Andersson og Finnur Orri Margeirsson har dei eit sentralt gravitasjonspunkt som mange lag skal få slite med å overrumple i sesongen som kjem.

Den delen av kampen då Lillestrøm surfa på 1-0 eksponerte eit av dei tyngste ankepunkt mot SIF under Nielsen: dei offensive backane er ikkje på langt nær like synlege som på sitt beste i Deila-perioden.

Dette var merkbart også i denne kampen. Midtvegs i andre omgang hadde kampen glidd inn i eit saktegåande spor, med rådlause SIF mot solide LSK.

Fart triumferte over kondis

olsen

Thomas Lehne Olsen scora 2-1-målet for Strømsgodset i treningskampen mot Lillestrøm.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Men så, nesten ut av ingenting, sto det 1-1, då innbytar Thomas Lehne Olsen scora eit nokså tilfeldig rotemål etter dødball i det 71. minutt.

Same mann snudde kampen i favør SIF fire minutt seinare, etter ei rask kontring av den typen Godsetlukkast bra med i starten av kampen.

LSK-forvaret mista intensiteten – hard kondistrening kostar - og då var det fritt fram for hurtige SIF-angrep dei siste 10-15 minutta. Lehne var nær hat-trick med eit stolpeskot i det 81. minutt, då LSK verka sluttkøyrde.

Generalprøva var i stor grad ei stadfesting av det vi har sett av desse laga gjennom heile sesongoppkøyringa. SIF var rett nok svakare offensivt enn forventa i store delar av kampen, men når dei beste spelarane er tilbake frå landslagspliktene står dei godt rusta til seriestart.

Lillestrøm var betre defensivt enn dei føregåande kampen, men må omsetje hardtreninga i vedvarande intensitet når alvoret tek til.

I tillegg forblir spissplassen ei uløyst gåte for Kristinsson, som ser ut til å måtte setje si lit til at Fred Friday har meir å fare med enn det tøffaste bokstavrimet i Eliteserien.

Og Martin Ødegaard? Han var det ingen som snakka om.

Fotball

  • Bytyqi terminerte kontrakten i Tyrkia - trener mot Viking

    Zymer Bytyqi bekrefter overfor Stavanger Aftenblad at han har terminert kontrakten sin med den tyrkiske toppklubben Antalyaspor.

    – Det har vært litt av en prosess og mye stress de siste dagene. Jeg har ikke tenkt så mye på framtiden nå. Akkurat nå ser jeg fram til ro, sier 27-åringen til Aftenbladet.

    Bytyqi gjorde i 2021 overgang fra Viking til Konyaspor, før reisen gikk videre til Olympiakos to år senere. I fjor sommer reiste han tilbake til Tyrkia og signerte for Antalyaspor, hvor han endte med to mål og fire målgivende på 33 kamper.

    Kantspilleren ønsker imidlertid ikke å oppgi noen årsak for hvorfor kontrakten er terminert. Hans opprinnelige kontrakt varte til sommeren 2026.

    Etter bruddet med Antalyaspor, snakket Bytyqi med Viking-trenerne og fikk lov å trene med gamleklubben.

    – Det er veldig hyggelig at jeg får være med. Jeg har ikke hastverk med å finne en ny klubb, sier Bytyqi.

    Han legger til at han har gode kort på hånden, og at han skal trene med Viking så lenge han er velkommen. (NTB)

    Eliteserien 2020: Viking - Vålerenga (2-2)
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Klopp om mulig arvtager: – Høres veldig bra ut

    Jürgen Klopp uttaler seg veldig positvt om Arne Slot, som er i detaljer om å bli Liverpools nye manager.

    Tidligere denne uken tok klubbens jakt på Klopps erstatter en klar vending. Slot ble pekt ut som favoritt, og torsdag bekreftet Feyenoord-treneren at han er i samtaler med Liverpool.

    På fredagens pressekonferanse fikk Klopp spørsmål om nederlenderen, og sa at han liker mye ved det.

    – Jeg er ikke involvert i prosessen, men jeg liker måten laget hans spiller på. En god trener og en fin fyr. Hvis han er mannen, så blir jeg mer enn fornøyd, sier Klopp.

    – Det er ikke opp til meg å bestemme, men det høres veldig bra ut, forsetter den avtroppende Liverpool-manageren. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Andrew Boyers / Reuters
  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP
  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP
  • Moldes stjerneduo spilleklare etter skade

    Både Fredrik Gulbrandsen og Magnus Wolf Eikrem er tilgjengelig for å starte når Molde tar imot Haugesund i Eliteserien søndag.

    Det bekrefter trener Erling Moe overfor TV 2.

    – De er klare til å kunne starte. De er med i betraktningen, og så får vi se hvilket lag vi ender på til slutt, sier Moe.

    Molde-treneren forteller også at Markus Kaasa og Martin Linnes ikke er så langt unna en retur.

    – Det begynner å se bedre ut, og det er selvfølgelig bra for oss, sier han.

    Gulbrandsen måtte av med skade i serieåpningen hjemme mot Strømsgodset, men fikk sitt første innhopp etter skaden da blåtrøyene slo Strindheim i cupens andre runde onsdag.

    Det gjorde også Eikrem, som måtte stå over storoppgjøret borte mot Bodø/Glimt forrige helg. (NTB)

    Gulbrandsen og Eikrem
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland