– Det er eit 3. divisjonslag, så sjølv om vi manglar nokre spelarar skal vi vere betre enn dei. Florø er eit lag vi skal slå ut av cupen.
Det seier ein sjølvsikker Sten Grytebust før 2. runde-kampen mot Florø.
- Les også:
- Les også:
Veit lite om motstandaren
AaFK og Grytebust har så langt imponert i Eliteserien. Trass i 2-1-tapet mot eks-trenar Kjetil Rekdal og Vålerenga, er AaFK serieleiar.
No ventar 2. runde cuprunde for dei oransje og blå.
– Florø er eigentleg ein motstandar eg veit veldig lite om, men eg høyrte at dei slo ut Sogndal i fjor, fortel Grytebust.
I 2012 vann Florø heile 3–0 mot Sogndal i cupen, før dei blei banka 5–1 av Brann.
Saka held fram under bildet.
– Prioriterer ikkje
I fjor var det Aalesund sin nabo Hødd som blei cupmeister. I 2009 og 2011 var det derimot AaFK som gjekk sigrande ut, etter finalesigrar over Molde og Brann.
Under Kjetil Rekdal blei cupen prioritert høgt i Ålesund. Det er ikkje noko som blir prata om no.
– Vi prioriterer ikkje opp mot kvarandre. Ein går inn i kvar kamp for å vinne, og vinn ein seks cupkampar så er ein i finale. Cupen er éin av to stadar vi er med, begge er prioritert høgt opp, seier Grytebust til NRK.
Han meiner AaFK på ny kan ta seg finale.
– Det er ikkje lett, sjølvsagt, men er ein heldig med trekninga og heimebanefordel kan det gå langt.
Reise seg
Laurdag tapte AaFK 2–1 borte mot Vålerenga.
- Les også:
Cupkampen mot Florø meiner Sten Grytebust er ei grei anledning til å «kome seg på føtene».
–Sjølv om det er ein motstandar på eit lågare nivå enn Vålerenga, så er det ei fin moglegheit til å spele ein god kamp og få ei positiv oppleving, avsluttar Grytebust.
Kampen mellom Florø og Aalesund blir streama direkte på NRK.no klokka 18.00.