Ein månad etter at Chelsea blei latterleggjort i både liga og cupar, er blåtrøyene tilbake på suksessporet. Skepsisen til
-erstattaren Roberto Di Matteo er for lengst vekke.No hyller «alle» italienaren for leiareigenskapar som har endra kulturen i Chelseas garderobe. Full av lovord er også Di Matteos tidlegare lagkamerat, Tore André Flo.
– Han var ein god spelar, og veit dermed korleis dagens spelarar tenker. Han veit akkurat kva han skal seie til dei for at dei skal prestere, seier Flo om sin gamle lagkamerat til BBC.
Før managertalentet Villas-Boas måtte forlate sjefsstolen i mars, gjekk rykta om at portugisaren ikkje hadde støtte i spelargruppa. Ifølgje fleire britiske aviser hadde Villas-Boas mista garderoben, og kom ikkje overeins med
.Midtbanegeneral Frank Lampard uttala at forholdet til portugisaren «ikkje var ideelt».
Spelaranes forhold til Di Matteo
. Tore André Flo trur han veit kvifor.– Veit korleis han skal få respekt
Italienaren skal nemleg vere ein respektert skikkelege hos spelarar som kaptein John Terry. Chelsea-stopparen har spelt for klubben på juniornivå, og gjekk gradene då Di Matteo var ein profil hos blåtrøyene.
Den respekten såg aldri Villas-Boas ut til å få.
– Terry beundra nok Di Matteo allereie som ungt talent. Han veit kor mykje Roberto kan om fotball. Og Roberto veit noko korleis han skal få den naudsynte respekten frå erfarne spelarar som Terry, seier Flo.
Sogndal-veteranen seier til BBC at han tidleg såg managerpotensialet i mannen som den siste månaden har leia London-laget til sju sigrar på ni kampar.
Flo og Di Matteo spelte saman i Chelsea i tre år, og vann Ligacupen i 1998 og FA-cupen i 2000.
Seint i 2008 lokka italienaren Flo tilbake på bana etter at stryningen hadde lagt opp. Då var Di Matteo manager i MK Dons, og Flo blei henta inn som erfaren spiss.
– Roberto er ein smart fyr. I tillegg er han snill, som for meg er ein viktig eigenskap i fotball. Han var grei mot dei som var rundt han, og alle i garderoben likar han, seier Flo.
– Di Matteo er ikkje manageren som lagar mykje bråk. Han er roleg og balansert, seier Flo.
Saka held fram...
– Fansen ville like det
41-årige Di Matteo er bare ei mellombels løysing hovudstadslagets managerstol, og kjem til å leie laget ut sesongen. Flo meiner italienaren fortener meir enn som så.
– Det er ingen enkel jobb å styre Chelsea. Det er ein klubb med store stjerner, som krev resultat umiddelbart. Men om nokon kan handtere ein slik jobb, trur eg det kan vere Roberto Di Matteo, seier Flo.
Stryningen trur ikkje fansen hadde klaga om italienaren fekk fast jobb.
– Eg trur det er mange som vil at han skal bli manager på permanent basis. Fansen ville likt det, og sjølv ville han nok takka ja til å leie laget vidare, seier Flo.