Ingen vil offisielt stadfeste dette enno. Men Sydsvenskan skriv at dette er kommunisert internt i klubben.
Hareides siste jobb i Malmö blir dermed å leie klubben i meisterligakampen mot Real Madrid på Santiago Bernabeu stadion 8. desember – ein kamp som avgjer om Malmö skal spele i europaligaen etter nyttår eller ikkje.
Allereie før kampen mot Paris Saint-Gemain i går var det klart at det ville bli Hareides siste konkurransekamp på Malmös heimebane, skriv avisa.
Hareide: – Veit ingenting om framtida
Hareide sjølv vil ikkje seie noko om kva som skjer med han etter sesongen.
– Eg kan ikkje kommentere påstandar som det. Eg anar ikkje kvar Sydsvenskan har dette frå, seier Hareide til NRK.
Han seier han ikkje veit noko om framtida enno.
– No skal vi gjere oss ferdig med sesongen, så får vi sjå kva som skjer. Meir enn det veit eg ikkje no.
– Eg blir her iallfall under treningskampen mot Molde i neste veke, og veit faktisk ikkje kva som hender sidan, seier Hareide.
– Dansk landslagssjef frå nyttår
Sydsvenskan erfarer også at Malmö allereie er komen langt i arbeidet med å finne Hareides etterfølgjar. Men heller ikkje klubben vi stadfeste noko.
– Åge er vår trenar, og han har ikkje sagt opp, skriv Malmös styreleiar Håkan Jeppsson i ein sms til avisa.
Som også slår fast at Hareide overtek som landslagssjef for Danmark frå årsskiftet. Dette skal Hareide sjølv og det danske fotballforbundet vere samde om.