Fredagen i Southampton gjekk med til eit trenarskifte. Klubben sparka manager Nigel Adkins, noko som ifølgje Molde-styreleiar Øystein Neerland ikkje sett Forren-overgangen i fare.
– Det har ikkje noko å seie for overgangen.
Det sa Molde-styreleiar Øystein Neerland til TV2. Ifølgje Romsdals Budstikke skulle Forren bli presentert som ny Southampton-spelar på pressekonferansen 15.30.
Dette tilbakeviste derimot Southampton sin pressetalsmann.
– Pressetalsmannen i Southampton har stadfesta overfor NRK at Vegard Forren, på noverande tidspunkt, ikkje blir presentert fredag, fortalte NRK sin journalist på staden.
Under pressekonferansen kom det derimot fram at Forren-avtalen skal vere i boks.
- Les også:
- Les også:
Argentinar tek over
Forren til Southampton har late vente på seg. Fredagen stal trenarskiftet i klubben all merksemda.
Southampton FC skriv på sine eigne sider at Mauricio Pocehttino tek over etter at Nigel Adkins har fått sparken.
Pochettino er frå Argentino og fekk sparken i Espanyol i november, etter tre år som manager.
– Denne avgjersla har blitt gjort med dei langsiktige tankane til Southampton FC i tankane. Medan vi erkjenner bidraget Nigel Adkins har gjort i løpet av dei to siste åra, så var ei endring nødvendig for å gå vidare og oppnå våre langsiktige mål, seier styreformann Nicola Cortese til Southampton si nettside.