Hopp til innhold

Kun detaljar står igjen før Forren er Southampton-klar

Southampton er i avsluttande forhandlingar med Vegard Forren og Molde. Ifølgje fleire engelske aviser er bodet på Molde-midtstopparen på over 35 millionar kroner.

Ole Gunnar Solskjær snakker om Forren og salget

Ole Gunnar Solskjær var klar på at Vegard Forren blir Southampton-spelar om han sjølv vil. Her er han intervjua under Molde-treninga tysdag.

– I prinsippet er vi einige med Southampton. Nokre detaljar står igjen og ingenting er skrive under på, men finn Vegard ut at han vil til Southampton, så får vi nok sjå han i kvite og raude striper snart.

Det seier Molde-manager Ole Gunnar Solskjær til NRK.no.

Tidlegare i dag meldte Romsdals Budstikke at Vegard Forren var svært nær ein overgang til Southampton i Sør-England.

– Det har vore mange førespurnader frå ulike engelske klubbar, men då Southampton la fram ei tilbod blei det veldig interessant for både oss og Vegard, sa Solskjær til avisa tysdag formiddag.

Vegard Forren

Vegard Forren landa seint måndag kveld på flyplassen i Manchester. Mange klubbar har vore involvert i Forren-sagaen, men no går det mot ei løysing med Southampton.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Falske Liverpool-rykte

Måndag blei det hevda at Liverpool hadde lagt inn eit bod på Forren, noko både styreleiar Øystein Neerland og administrerande direktør i klubben, Tarje Nordstrand Jacobsen tilbakeviste.

– Vi har ikkje akseptert noko bod, frå nokon klubb, på Vegard Forren, sa Nordstrand Jacobsen til NRK.no.

Forren reiste derimot til England og Liverpool for å sjå nærmare på Anfield og klubben.

Etter at den verste rykteflommen hadde lagt seg, fekk både NRK og andre medium kjelder på at Southampton låg føre Liverpool i kampen om Molde-stopparen.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær fortel til Romsdals Budstikke at Molde og Southampton er så å seie einige.

Foto: Roar Strøm

– Riktig bod i marknaden

Til NRK.no fortel Solskjær at Molde er fornøgde med bodet Southampton har kome med.

– I dagens marknad får vi eit bod vi synest er riktig for Vegard Forren. Vegard har fortent sjansen til å reise ut.

– Vi kunne kanskje drege ut tida og forhandla mykje, men no er det viktig at Vegard får slutt på alt av spekulasjonar. Og vi fekk ein pris vi synest er riktig, seier Molde-manageren.

Om Liverpool-spekulasjonane er han klar på at det berre var ei reise dit for å sjå på forholda. Noko bod kom aldri.

Saka held fram under bildet.

Forren

Alt går mot at Vegard Forren blir Southampton-proff.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Trur ikkje Forren set pengane først

Solskjær omtalar Southampton som ein klubb som er på veg opp igjen, etter å ha ligge nede for telling i ein periode.

– Dei har vore nede i divisjonssystema og reorganisert klubben. No er der ei veldig optimise, og i Premier League i år har dei vore positive. Dei spelar ein type fotball som vil passe Vegard. Dei spelar fotball, presiserer den tidlegare Manchester United-proffen.

Dersom alt går i orden med Southampton, trur han Forren vil få godt med speletid.

– Eg trur at når Vegard no er i Southampton og pratar med dei, så er det ikkje pengar han pratar om.

– Han pratar nok om kva han er tiltenkt av speletid og om moglegheitene sine i klubben. Får han dei forsikringane så går han nok til klubben. Han vil nok uansett tene meir enn i Molde.

Vegard Forren

Vegard Forren har imponert i Tippeligaen for Molde. Likevel er det prestasjonane i Europaligaen og på landslaget som har fanga Premier League-klubbane, trur Solskjær.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Landslag og Europa utgjer forskjellen

Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor interessa kring Molde-stopparen har vore stor. Han har hatt to glimrande sesongar for den doble seriemeisteren, og har tatt steget inn i landsvarmen.

– Vegard har vore solid for oss i Tippeligaen. Men det som utgjer forskjellen for desse Premier League-klubbane som skal kjøpe er landskampar og Europacup, trur Solskjær.

– Dei har sett han i Europacupen og mest sannsynleg sett han i landskampar òg. Då har dei sett at han har nivået inne.

Overgangssum på 35 millionar kroner?

Solskjær vil ikkje nemne nokon summar, men tidlegare har det blitt sagt at Molde krev minst mellom 20 og 30 millionar kroner.

Southern Daily Echo, som følgjer Southampton tett, skriv derimot at bodet kan vere så høgt som 35 millionar kroner.

Dei skriv at Liverpool har meldt seg ut i kampen om Vegard Forren då dei ikkje ser føre seg å matche Southampton sitt bod.

Bodet skal vere på fire millionar pund, eller like i overkant av 35 millionar kroner.

Avtalane er ikkje 100 prosent i boks, men det meste tyder på at den 24 år gamle trønderen blir å finne i Sør-England framover.

NRK følgjer saka.

Siste nytt

  • Bessebergs advokat reagerer kraftig på NIF-vedtak

    Anders Besseberg får ikke beholde æresmedlemskapet i Norges idrettsforbund som følge av korrupsjonsdommen i Buskerud tingrett, det opplyser Norges idrettsforbund.

    – På bakgrunn av erkjente kritikkverdige forhold som fremkommer i tingrettens dom av 12. april 2024 mot Anders Besseberg anser idrettsstyret at han har skadet idrettens anseelse, konkluderer de.

    Besseberg fratas æresmedlemskapet i NIF med umiddelbar virkning.

    78-åringens advokat Mikkel Toft Gimse reagerer sterkt på beskjeden om at Besseberg ikke får beholde hedersbevisningen sin.

    – Anders Besseberg er ikke kjent med dette. Vi reagerer på at han ikke ble kontaktet av NIF i forkant, men får vite om dette fra media, skriver Toft Gimse til NRK og utdyper:

    – Besseberg understreker at dommen mot ham ikke er rettskraftig og ser dette som en del av forhåndsdømmingen mot seg.

    Besseberg ble tildelt æresmedlemskapet i NIF allerede i 2013.

    Besseberg ble nylig felt på nesten alle tiltalepunkter og dømt til tre år og en måneds fengsel for grov korrupsjon fra tiden som president i Det internasjonale skiskytterforbundet (IBU).

    Han har anket straffen.

    (NTB/NRK)

    ga8x3mpGGZk
    Foto: AP
  • Mbappé får tyn etter ny CL-smell

    Kylian Mbappé (25) greide heller ikke i år å vinne Champions League med Paris Saint-Germain. Han kommer dårlig ut på børsen etter semifinaleexiten.

    I en nådeløs dom gir L'Équipe angriperen en toer på en skala som går til ti. «Slutten på drømmen», skriver den franske avisen i overskriften etter tirsdagens 0-1-tap hjemme mot Borussia Dortmund.

    Mbappé ble i sin tid hentet til PSG for enorme summer. Målet var at han skulle skyte klubben til suksess i den gjeveste europacupen, men det gikk aldri veien. Nærmest var laget som tapende finalist i 2020.

    Dortmund er bare nummer fem i ligaen i Tyskland, men danket ut PSG 2-0 sammenlagt.

    «Slike kvelder blir arven hans. Sju år med feilede forsøk», skriver britiske Daily Mail om Mbappé. I spanske Sport står det at «Mbappé er ute av stand til å ikle seg helterollen».

    Mbappé forlater PSG når kontrakten løper ut etter sesongen, og neste stoppersted blir trolig Real Madrid. «Han tar farvel med den franske hovedstaden med mer smerte enn ære», skriver den Madrid-baserte storavisen Marca.

    (NTB)

    Mbappé
    Foto: AP
  • Fotballkamper utsatt etter katastrofeflommen i Brasil

    Ekstreme nedbørsmengder gjør det umulig å spille seriekamper i fotball i den brasilianske delstaten Rio Grande do Sul.

    Brasils fotballforbund har hittil utsatt ti oppgjør for tre av eliteklubbene fra regionen. Det gjelder Internacional, Gremio og Juventud.

    Delstatshovedstaden Porto Alegre står under vann, og det er der Internacional og Gremio holder til.

    Minst 90 personer er meldt omkomne, opplyser myndighetene i Rio Grande do Sul. I tillegg er 131 ikke blitt gjort rede for, og 155.000 mennesker har mistet hjemmet sitt.

    De voldsomme regnbygene som begynte i forrige uke, har forårsaket flom i elver, lagt hele landsbyer under vann og ødelagt veier og broer.

    Flommen regnes som delstatens verste ekstremværkatastrofe. Det er meldt mer regn i dagene som kommer.

    (NTB)

    imwC_nnuYmA
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal