Hopp til innhold

– Det skal vere rett klubb på alle måtar

Rykta har vore mange, med mange utanlandske klubbar involvert. No fortel Vegard Forren at han truleg seier nei til alt anna enn Premier League.

Vegard Forren

Molde-midtstoppar sa nei til belgiske Club Brugge. I tillegg har han lagt til side tre-fire andre klubbar, for trønderen vil helst til England.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Eg ser ikkje vekk frå andre ligaer, men eg har sagt at eg vil til England.

Det seier Molde-midtstoppar Vegard Forren til Romsdals Budstikke.

Vegard Forren

Vegard Forren har spelt seg inn på det norske landslaget. Det er éin av grunnane til at han trur ein overgang til England vil gå fint.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Sa nei til Brugge

Forren hadde ein svær sesong i Molde-drakta i året som gjekk. Det har gjort at klubbar frå heile Europa har haldt eit nært auge med trønderen som blir 25 år i februar.

– Det har vore ein del styr og kok, ja. Mykje meir mas enn det har vore tidlegare, fortel Forren.

Klubbar frå England, Tyskland, Russland, Nederland og Belgia har vist interesse for Molde-spelaren. Det er frå før kjent at Molde godtok eit bod frå belgiske Club Brugge.

– Molde og Brugge var einige, men eg takka nei. Så vidt eg veit er det den einaste klubben som har lagt inn bod.

– Eg har lagt til side førespurnader frå tre-fire andre klubbar, men eg vil ikkje seie kven dette er. Eg ser berre på det som er konkret og ligg på bordet, seier Forren.

Molde-spel er ikkje ein nedtur

Det kan verke som Molde-spelaren er kravstor, men ønsket hans er England. Og interessa er der.

Ifølgje Romsdals Budstikke skal tre-fire Premier League-klubbar, i tillegg til hyppig nemnte Everton, vere etter 24-åringen.

– Eg veit at interessa er der frå forskjellige klubbar, men eg har ikkje oversikt over situasjonen frå dag til dag.

Den jobben overlet han til agenten, Jim Solbakken.

– Så får eg spele fotball og konsentrere meg om MFK, seier Forren, og er klar på at eit halvår eller eit år til i Molde ikkje er ein nedtur.

– Eg trivst like godt her som eg har gjort, og det blir ein ny spennande sesong i Europa.

Saka held fram under bildet.

Forren og Solskjær

Vegard Forren har vore ein av Molde-manager Ole Gunnar Solskjær sine viktigaste menn. Om han blir med vidare er framleis usikkert. Om han skulle forsvinne har Solskjær sagt at dei ikkje har umiddelbare planar for å erstatte trønderen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Klubben krev 20 til 30 millionar

Prislappen på trønderen skal vere mellom 20 og 30 millionar kroner, litt avhengig av liga.

– Det er svært store pengar i ein del av dei største klubbane i Europa. Dersom alt handla om lønn hadde eg allereie reist ut.

– Men det skal vere rett klubb på alle måtar. Så det er mykje som skal klaffe for at det skal skje noko, seier Forren.

Og målet er altså England.

– For meg er Premier League den beste plassen å spele fotball. Det er vi det vi jobbar mot no. Om det ikkje blir noko der, held eg mest sannsynleg fram i Molde.

– Vil bli satsa på

Han er klar på at det meste i Premier League er interessant, men at klubben helst ikkje skal stå i veldig fare for å rykkje ned.

– Eg vil til ein klubb der eg føler at eg blir satsa på. Det må vere moglegheiter for å få jamt med kampar gjennom sesongen, og trenaren bør helst sitje trygt, slik at føresetnadene ikkje forandrar seg over natta.

– Det er annleis fotball med høgt tempo og stort trøkk ute på bana, men eg har utvikla meg mykje gjennom gode erfaringar i Europaligaen og på landslaget. Det gir meg trua på at eg kan prestere i Premier League, svarer Forren på spørsmål om han er god nok til å spele fast i Premier League.

Så står det igjen å sjå om midtstopparen spelar Tippeliga eller utanlandsk proffotball i 2013. Uansett er han på første treningsøkt med Molde i dag måndag.

Siste nytt

  • Sævik med ny scoring da Vålerenga beholdt tabelltoppen

    Både Karina Sævik og Iris Omarsdottir scoret sitt fjerde mål for sesongen da Vålerenga slo Stabæk 3-2 på hjemmebane i Toppserien tirsdag.

    Kampen skulle opprinnelig spilles i september, men ble framskyndet for å legge til rette for Vålerengas deltakelse i mesterligakvalifiseringen. Med tirsdagens seier ligger Vålerenga og Rosenborg på topp med tolv poeng, men VIF har bedre målforskjell. Deretter følger Røa med ni.

    Vålerengas hjemmeseier tirsdag kom etter scoringer av Olaug Tvedten, Ylinn Tennebø og Sævik, som scoret sitt fjerde mål for sesongen. For gjestene sto spisstalentet Omarsdottir for begge nettkjenningene – den siste fem minutter før slutt. 20-åringen har i likhet med Sævik scoret fire ganger denne sesongen.

    Stabæk står med seks poeng etter to seirer og tre tap hittil. Vålerenga har byderby mot Lyn til helgen, mens Stabæk får besøk av Brann. (NTB)

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Milliardforlik i saken med overgrepsdømt turnlege

    Amerikanske myndigheter har inngått et forlik på nærmere 140 millioner dollar med ofrene for den overgrepsdømte turnlegen Larry Nassar.

    Justisdepartementet betaler i forliket et beløp tilsvarende rundt 1,5 milliarder norske kroner i forbindelse med krav fra 139 personer. Disse har beskyldt FBI for grov feilhåndtering av overgrepsbeskyldningene mot legen i 2015 og 2016. Justisdepartementet har vedgått svikt.

    Inkludert det siste forliket er det satt av rundt 1 milliard dollar av ulike instanser for å gi kompensasjon til flere hundre utøvere som Nassar
    skal ha foregrepet seg på under dekke av å behandle dem for idrettsskader.

    – Forliket vil ikke gjøre opp for den skaden som Nassar gjorde, men vi håper at det skal gi ofrene for ugjerningene hans noe av den viktige støtten de trenger for å fortsette legingen, sier fungerende visejustisminister Benjamin Mizer.

    I 2017 erkjente Nassar straffskyld for å ha misbrukt ti jenter. Den tidligere landslagslegen soner en fengselsstraff på inntil 175 år. (NTB)

    mn1xUzO0GqM
    Foto: Reuters
  • Roma-spiller friskmeldt etter kollaps

    Evan Ndicka har fått lov til å gjenoppta fotballaktiviteten etter at han tidligere i april kollapset i Romas kamp mot Udinese.

    Ndicka ble liggende på gresset etter 71 minutter i kampen 14. april og holdt seg til brystet. Senere på kvelden opplyste Roma at forsvarsspilleren følte seg bedre og at han skulle gjennom flere tester. De har nå blitt gjennomført, og han er igjen klarert for aktivitet, opplyser klubben på sine nettsider. (NTB)

    qYj-Mb-Adu4
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal