Hopp til innhold

Letta Ulsrud: – Vi var ute av OL i ti minutt

SOTSJI/OSLO (NRK.no): Det norske curlinglaget svikta når det gjaldt som mest, men blei redda av Kina. – Det var verst då kinesaren skulle sette sistesteinen, fortel ein letta Thomas Ulsrud.

Ulsrud og Trulsen

Thomas Ulsrud og trenar Pål Trulsen hadde det ikkje spesielt kjekt då dei venta på avslutninga i kampen mellom Kina og Storbritannia. Det enda til slutt godt for dei norske herrane.

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

Den norske skipen og lagkameratane sat på pinebenken i over 15 minutt etter at dei sjølv tapte 5-3 mot Danmark.

Med berre 5-4 i sigrar/tap var dei norske herrane heilt avhengige av at Kina slo Storbritannia. Då Noreg sin kamp var ferdig stod det 5-5 halvvegs ute i siste omgang. Kina hadde sistestein.

Ulsrud og Nergaard

Thomas Ulsrud og Torger Nergaard spelte godt mot Danmark, men danskane spelte betre.

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

Å følgje dei siste steinane der blei nær sjølvpining, fortel dei norske herrane.

«Den er laus, den er kjempelaus!»

– Det var verst då kinesaren skulle sette sistesteinen. Han måtte legge den i midten, fortel Ulsrud til NRK.

Før sistestein låg Storbritannia inne med dei to beste steinane. Den kinesiske skipen måtte avslutte med ein velplassert sistestein.

– Så startar dei kinesiske gutta å koste med ein gang. Ut frå det vesle eg kan på kinesisk høyrer eg at dei ropar «den er laus, den er kjempelaus!». Dei nikkostar, og så går det akkurat. Det var ein herleg følelse, seier den norske skipen.

Eit formsterkt kinesisk lag er altså grunnen til at Noreg no framleis kan nå både semifinale og finale. Kinesarane vann til slutt 6-5, noko som gjer at Noreg møter Storbritannia i tie-break tysdag.

– Det er ein veldig rar følelse. Vi var ute av OL i ti minutt, før Kina plutseleg «edgar» Storbritannia og slår dei.

– Frå å vere ute til å vere inne, ein heilt sprø følelse. Eg kan ikkje beskrive det, fortel Ulsrud.

Tie-break-kampen mot Storbritannia går 06.00 norsk tid, klokka 09.00 i Sotsji.

Saka held fram under bildet.

Torger Nergaard

Torger Nergaard og Christoffer Svae i aksjon mot Danmark.

Foto: YURI KADOBNOV / Afp

Kan møte Sverige på ny

Dei norske herrane står med fem sigrar og fire tap, det same gjer Storbritannia. Kina og Canada står begge med sju sigrar og to tap, medan Sverige har spelt glimrande og har åtte sigrar og eitt tap.

Dersom dei norske herrane vinn, møter dei Sverige i semifinale. Den andre semifinalen går mellom Kina og Canada.

I grunnspelet tapte Noreg 5-4 mot naboen i aust.

Rasmus Stjerne Hansen

Rasmus Stjerne Hansen var treffsikker på absurde 98 prosent i kampen mot Noreg.

Foto: Robert F. Bukaty / Ap

Trøbla mot stjerna Stjerne

I Noreg sin siste kamp i grunnspelet var Danmark motstandar. Dei norske herrane var før OL favoritt i denne kampen, men etter varierande spel i dei føregåande åtte kampane var kampen open.

Noreg opna den første omgangen godt og heldt dei danske spelarane til 0-0 med dansk sistestein. I andre omgang gjekk Danmark opp til 0-1.

Noreg følgde opp med to sterke poeng til 2-1 i den tredje omgangen, før Danmark slo tilbake til 2-3.

Utover i kampen viste den danske skipen Rasmus Stjerne Hansen seg som råsterk. I uttak/dragningar låg den danske skipen på heile 98 prosent treffsikkerheit.

– For ein skip er dette heilt sjuke tal, seier NRK-ekspert Magnus Nedregotten.

Thomas Ulsrud låg på greie 83 prosent.

Missa i siste omgang

Noreg utlikna til 3-3 i den sjette omgangen, før det blei null poeng både i sjuande og åttande omgang.

I den niande omgangen hadde dei danske herrane sistestein. På tidspunktet låg Noreg best an, medan Danmark låg med nest beste stein.

Skip Stjerne Hansen sette derimot ein heilt perfekt stein. Han toucha den norske steinen så lett som det er mogleg, slo den like forbi den norske og la seg inn med bestestein. To poeng opp til 3-5 til Danmark.

Dermed måtte Noreg ha to poeng i den avsluttande omgangen, men Danmark forsvarte seg godt. Noreg tapte til slutt 5-3.

– Det kjennest ut som vi rundspelar dei heile kampen, men det er mogleg det ikkje er sånn. Skipen deira viste seg fram nokre nøkkelsteinar som gav danskane ein god posisjon, sa Christoffer Svae etter tapet.

– Vi slår Danmark åtte av ti gonger, og vi spelar knallbra. Så all «cred» til dei, for eg føler vi spelar ein veldig god match. Eg hadde litt uflaks på eit par av mine sistesteinar som plukka opp møkk på isen og skar ut. Danskane straffa oss hardt og slo oss, kommenterte skip Ulsrud.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Curling menn, Noreg - Danmark» i nytt vindu

Siste nytt

  • Ny teknikktrener for alpinkvinnene: – Glade for at vi er attraktive for de beste trenerne i verden

    Østerrikske Johannes Zöchling (44) har blitt ansatt som ny hovedtrener for de norske alpinkvinnenes teknikklag.

    Det skriver Norges Skiforbund i en pressemelding.

    – Vi er glade for at Johannes velger å bli med oss og ser fram til å få han på laget. «Hannes» har en sterk og variert bakgrunn, med gode resultater, forteller alpinsjef Claus Johan Ryste.

    Zöchling kommer fra Det østerrikske skiforbundet, hvor han har jobbet i ulike roller de siste 15 årene. Blant annet har han hatt ansvaret for kvinnenes teknikklag i seks år, mens han de siste tre sesongene har hatt ansvar for rekrutteringslandslaget på herresiden.

    Østerrikeren tar over for Janne Haralla, som har fått en rolle i den amerikanske superstjernen, Mikaela Shiffrins, lag. (NTB)

    Thea Louise Stjernesund i Kranjska Gora
    Foto: BORUT ZIVULOVIC / Reuters
  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal