– Det blir nok eit heilt vanleg løp, seier han. Før han tar seg i det: – Men litt spesielt er det nok likevel.
Han har fullført 99 10.000-meterar i konkurranse. Før onsdag kveld.
Det er det berre ein til som har gjort. Han er svensk og heiter Örjan Sandler – ein storløpar med OL-bronse i 1968.
Staden er Valle Hovin i Oslo. Det er skøyteløp for bedriftslag. Den 54 år gamle juristen representerer Domstolane denne kvelden.
Ute på bana er det ei handfull barn, unge og vaksne som trenar og mosjonerer. I den noko aldrande speakerbua sit tre man som følgjer og annonserer para som er i sving. På tribunane er det ingen.
Og så skal det bli verdsrekord.
– Kanskje er det god nok is til 16.20 i kveld, funderer Gauslaa når han tek på seg skøytene for oppvarming. Han har gått på 15.59 i år, men det var innandørs i Stavanger.
Gauslaa gjekk sitt første milløp i 1987. Men det var ikkje før han hadde lagt over 60 bak seg at han kjende at han fekk skikkeleg grep om det.
Må gå 10.000 for å sveitte
– Eg trur du må ha så mange for å vite korleis du skal legge opp løpet – for å vite kva rytme og kjenne kva fart du må ha i starten. Det har med rutine å gjere, seier Gauslaa.
– På 10.000 får du sveitte litt. 3000 og 5000 er for kort, seier han.
Startskotet går. Gauslaa og makkeren held følgje dei første rundane, så må makkeren sleppe.
Rundane går stødig unna. Dei første på 38-talet, så 39. Midtveges kjem fire rundar på 40 blank, så pressar Gauslaa dei ned igjen. 10 rundar på rad går på 39 komma noko.
Sisterunden blir den svakaste, 40,1. – Tida blir 16.30,74 i rekordløpet, kunngjer røysta i høgtalaren, til spreidd applaus frå dei få rundt bana.
– Det var ikkje så rask is som eg trudde, seier Gauslaa. Tida vart ti sekund svakare enn han hadde håpa.
– Elles er eg godt nøgd med jubileumsløpet, legg han til. – Eg greidde å halde jamn fart, trur eg, legg han til.
– Men eg har ikkje tenkt å gje meg enno. Det blir nok eit par milløp til denne sesongen, seier han.
PS: Blant dei få tilskodarane som såg på løpet, var Knut «Kuppern» Johannessen. Han har sjølv gjennomført ein god del 10.000-metrar.
– Dette er ein stor prestasjon. Og det er definitivt god PR for skøytesporten, seier den gamle meister og milslukar, som sjølv står oppført med 71 milløp i si tid.