Hopp til innhold

Uklart kring framtida til sjukehusa i Arendal og Flekkefjord

Sjukehusdirektør Jan Roger Olsen vil behalde alle dei tre sjukehusa i landsdelen. Men kva sjukehusa i Arendal og Flekkefjord skal innehalde går han ikkje inn på.

Sjukehusa i Flekkefjord og Arendal

Det er ikkje klart kva funksjonar sjukehusa i Arendal og Flekkefjord skal innehalde i framtida.

Foto: NRK

I si innstilling til styret i Sørlandet sykehus skriv Olsen at han vil ha eitt hovudsjukehus. Han anbefalar at dette skal ligge i Kristiansand.

Han føresler to lokalsjukehus i Arendal og Flekkefjord. Kva funksjonar dei to sjukehusa skal ha, går ikkje fram.

– Direktøren vil gjere individuelle vurderingar av funksjonar av kvart av dei tre sjukehusa og kjem til bake til dette, når nasjonal helse- og sjukehusplan kjem, skriv Olsen i si innstilling.

Det er venta at den nasjonale planen kjem i løpet av hausten.

Olsen skriv også at for å kunne ha økonomisk bærekraft og å kunne utvide tilbodet, må mest mogleg av vakt- og beredskapsordningar samlast.

«Sørlandet sykehus Arendal i våre hjerter» krever at sykehuset i Arendal blir et fullverdig sykehus i fremtiden.

Sjå intervju med Anders Kylland og Sigurd Ledaal i aksjonsgruppa «Sørlandet sykehus Arendal i våre hjerter».

Vil behalde hjartesenter

I innstillinga går det også fram at sjukehuset i Arendal kan få fleire funksjonar enn sjukehuset i Flekkefjord.

– Med eit vesentleg større befolkningsgrunnlag kan det vere riktig med fleire funksjonar, deriblant beredskapsordningar i Arendal enn i Flekkefjord, skriv direktøren.

Olsen er derimot klar på at han vil vidareføre PCI-senteret, eller hjartesenteret, i Arendal. Senteret behandlar mellom anna pasientar med hjarteinfarkt både frå Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder.

Aksepterer hovudsjukehus i Kristiansand

Anders Kylland i «Sørlandet sykehus Arendal i våre hjerter», seier at dei vil akseptere at Kristiansand blir hovudsjukehus, så lenge Arendal får eit fullverdig sjukehus også i framtida.

– Vi vil ikkje akseptere at Arendal vert definert som eit lokalsjukehus. Dersom ein gjer det er det det same som at tilbodet ikkje kan betraktast som fullverdig, seier Kylland.

Han krev at sjukehuset i Arendal skal ha akuttfunksjonar, fødetilbod og barneavdeling også i framtida.

– At innhaldet i sjukehusa i Flekkefjord og Arendal ikkje er nemnt i innstillinga har nok med at direktøren ventar på den nasjonale sjukehusplanen. Det kan vere lurt, seier Kylland.

«Sørlandet sykehus Arendal i våre hjerter» krever at sykehuset i Arendal blir et fullverdig sykehus i fremtiden.

Sjå intervju med Anders Kylland og Sigurd Ledaal i aksjonsgruppa «Sørlandet sykehus Arendal i våre hjerter».

– Svakheit

Sigmund Kroslid i «Bevar Flekkefjord sykehus» reagerer slik på at funksjonar i dei to sjukehusa ikkje er nemnt:

– Det er den store svakheita at ein ikkje er komme lenger i prosessen. Det er sett ned ei gruppe som skal jobbe vidare med dette, seier han.

Arbeidsgruppa skal vurdere alle funksjonar ved sjukehuset i Flekkefjord for å komme til ei bærekraftig driftsform.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,85 kr
Dyrest kl. 08 1,73 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %