Hopp til innhold

Stortap for Vipers i Fredrikstad

Vipers Kristiansand har spelt fem strake kampar i eliteserien utan å vinne. Fredag kveld vart det nytt tap.

Sakura Hauge, Vipers Kristiansand

Keeper Sakura Hauge og Vipers Kristiansand tapte mot Fredrikstad.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Sørlendingane tapte til slutt kampen 15-23 mot Fredrikstad i Kongstenhallen.

Vipers kom bakpå allereie frå start og låg under med tre mål etter seks minutt.

Til pause låg rosatrøyene under med 7-14 mot Fredrikstad som ligg på kvalifiseringsplass i eliteserien.

Eitt poeng på fem kampar

Vipers klarte aldri å hente inn forspranget og gjekk dermed på sitt fjerde tap på dei fem siste kampane.

I førre serierunde spelte dei uavgjort mot Storhamar på bortebane.

Fredagens tap gjer at laget frå Kristiansand ikkje har vunne ein eliteseriekamp sidan 18. januar då dei slo Tertnes borte.

Langt opp til toppen

Før kampen mot Fredrikstad sa sportsleg leiar Peder Langfeldt at laget mest truleg kan sjå langt etter ei topp fire-plassering med tap.

Vipers har tapt begge seriekampane mot Fredrikstad denne sesongen. Heime i Aquarama tapte dei 22-28 i fjor haust.

Vipers ligg framleis på 6. plass på tabellen. Avstanden opp til Tertnes som ligg på 3. plass er på fem poeng. Vipers har fire kampar att å spele denne sesongen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %