Hopp til innhold

Topplassering kan ryke for Vipers

Vipers har spelt fire strake kampar utan siger. Fredag kveld vil dei snu trenden i bortemøtet mot Fredrikstad.

Vipers Kristiansand time-out

Vipers Kristiansand møter Fredrikstad på bortebane fredag kveld.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det blir viktig å komme tilbake på vinnarsporet, men vanskeleg. Skal vi ha sjanse på topp fire bør vi vinne denne kampen, seier sportsleg leiar Peder Langfeldt til NRK.

Vipers ligg på 6. plass på tabellen før kveldens oppgjer i Fredrikstad. Avstanden opp til Oppsal på 4. plass er på fem poeng.

Vipers-trener Peder Langfeldt håper seieren mot Levanger blir et vendepunkt for laget.

Sportsleg leiar i Vipers Peder Langfeldt.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Topp fire-toget kan gå om vi tapar i dag. Men det kan også vere ei lita moglegheit om vi skulle tape. Det viktigaste er uansett å fokusere på å vinne kampen, seier Langfeldt.

Vil revansjere heimetapet

Sørlendingane fekk ein knallstart på 2015 med tre sterke sigarar mot Stabæk, Byåsen og Tertnes.

Sigersrekkja gjorde at Vipers melde seg på i toppkampen i eliteserien.

No står laget med fire strake kampar utan siger. I førre serierunde vart det eitt poeng borte mot Storhamar.

I heimekampen mot Fredrikstad vart det stortap 22–28. Det vil Vipers revansjere i dag.

– Vi gjorde ein dårleg kamp mot dei på heimebane. Vi skal i utgangspunktet vere eit betre lag enn dei. Spelar vi på vårt beste trur eg vi slår dei, seier han.

To usikre kort

Fleire spelarar har trøbla med sjukdom og skader før oppgjeret i Fredrikstad. Karin Weigelt og Sanne Bak Pedersen er framleis usikre.

Men Martine Rønning får truleg debuten sin i eliteserien.

– Ho er ein god skyttar, så vi får håpe at ho får brukt styrkane sine og får laga eit par mål frå distanse, seier Langfeldt.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %