Hopp til innhold

Nytt håp for nyføddavdelinga i Arendal

Sørlandet sykehus skal utgreie fleire alternativ kring nyføddavdelinga i Arendal. Sjukehusleiinga har tidlegare bestemt at avdelinga skal leggast ned.

Nyfødtposten i Kristiansand

Styret i Sørlandet sykehus har vedteke at sjukehuset skal utgreie alternativ for nyføddavdelinga i Arendal.

Foto: Marianne Jakobsen / NRK

Dette ble einstemmig vedteke under eit ekstraordinært styremøte i Sørlandet sykehus torsdag kveld.

Ein tilsynsrapport som vart lagt fram tidlegare denne månaden slo fast at behandlinga av sjuke nyfødde bør konsentrerast til ein stad.

Nyføddavdelinga behandlar sjuke nyfødde barn.

Vil sjå på fleire alternativ

Sjukehusleiinga bestemte i etterkant at desse barna skal behandlast i Kristiansand, og ikkje i Arendal i framtida.

– Vi har ein tilsynsrapport som seier at Sørlandet sykehus ikkje sikrar eit forsvarleg tilbod til sjuke nyfødde i Arendal. Då må avviket lukkast, seier styreleiar i Sørlandet sykehus, Camilla Dunsæd til NRK.

– Det kan vere fleire alternativ til korleis avviket kan lukkast. Det er det eg ynskjer å utgreie, seier styreleiar Camilla Dunsæd til NRK.

Intervju med Camilla Dunsæd

VIDEO: Sjå intervju med styreleiar i Sørlandet sykehus, Camilla Dunsæd.

Fryktar leiinga sitt vedtak blir ståande

Kirsti Lunden-Jensen er spesialsjukepleiar og har jobba på nyføddavdelinga i Arendal i 30 år. Også ho er nøgd med at alternativ til nedlegging skal utgreiast.

– Eg tykkjer det er positivt at styret stoppar prosessen og at dei vil sjå på alternative løysingar, seier ho.

I ein tilsynsrapport har fylkeslegen i Aust-Agder konkludert med at tilbodet ved nyføddavdelinga i Arendal ikkje er godt nok. Legane har for få pasientar og får for lite trening.

Kirsti Lunden-Jensen

Kirsti Lunden-Jensen var en av 10-15 ansatte fra sykehuset i Arendal, som møtte opp som tilhørere på styremøtet. Alle hadde t-skjorter med trykk for bevaring av enheten de jobber ved.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

Difor fryktar Lunden-Jensen at vedtaket til sjukehusleiinga vert ståande også etter at andre alternativ er utgreia.

– Ein er alltid redd for at det berre skal bli ein prosess, som ikkje har alternative løysingar, seier ho.

– Uryddig prosess

Styreleiar Camilla Dunsæd er klar på at sjukehusleiinga sitt vedtak om å flytte sjuke nyfødde til Kristiansand også kan bli den endelege konklusjonen.

– Det kan vere eitt alternativ for å lukke avviket. Vi må sjå kva for eit alternativ som vil vere det beste, seier styreleiaren.

På det ekstraordinære styremøtet meinte fleire av styremedlemmane at det har vore ein uryddig prosess kring avgjerda om å overføre sjuke nyfødde frå Arendal til Kristiansand.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,61 kr
Dyrest kl. 23 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Apr 2023 – apr 2024
    + 6,8 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %