Hopp til innhold

Kampklare bønder klare for å demonstrere

Kampklare bønder frå heile Sørlandet er på veg til Oslo for å vise si misnøye mot staten sitt tilbod i jordbruksoppgjeret.

Kampklare bønder

Bønder frå Agder reiser i til saman tre bussar frå Sørlandet til Oslo for å demonstrere mot regjeringa sitt tilbod i jordbruksoppgjeret.

Foto: Yngve Stiansen/NRK

Det er venta over 2500 bønder utanfor Stortinget tysdag. Frå Sørlandet vender tre fulle bussar med bønder nasen mot hovudstaden tidleg tysdag morgon.

Birte Usland

Bondelagsleiar i Vest-Agder Birte Usland skal til Oslo.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Vi er kampklare. Det er fulle bussar, folk har stått opp nesten midt på natta og kjem ikkje heim att før midnatt. Det viser engasjement, seier leiar i Vest-Agder Bondelag Birte Usland til NRK.

Skal gå i tog

Klokka 12.45 skal bøndene gå i tog frå Schweigaards gate i Oslo via Youngstorget, over Stortorget og opp Karl Johan til Stortinget.

I tillegg til særs mange bønder med traktorar, har bondeorganisasjonane invitert mange i miljørørsla og i organisasjonslivet, og fleire av desse er venta å halde appellar til støtte for bøndene.

– Det er veldig viktig å vise kva vi meiner til utspelet som regjeringa har komme med, seier bonde Martin Haugland frå Finsland i Songdalen.

– Vil vise det norske folk

Han og Odd Harald Reve frå Lista er to av bøndene som reiser til Oslo for å demonstrere.

– No er eg blant dei i Vest-Agder som driv relativt stort, men det har ikkje så mykje å bety. Viss vi ikkje beheld dei store og små har vi ikkje noko landbruk i Agder. Vi blir stort ramma på den strukturen vi har i Vest-Agder, seier han.

– Viss vi ikkje har mangfald i landbruket vil ingen overleve. Viss vi hoggar småskogen dett dei store også, seier han.

Bøndene ventar at også politikarane vil høyre på bøndene.

– Eg reknar med politikarane er der og høyrer kva vi seier. Det ventar eg. Så får vi vist det norske folk at vi ynskjer å halde fram som bønder i Norge, seier Haugland.

– Eigentleg nøgde

Bøndene meiner at det økonomiske tilbodet frå staten reelt sett er dårlegare enn andre yrkesgrupper.

I tillegg meiner bøndene at tilbodet vil favorisere dei store bøndene, og fryktar at mange småbruk må kaste inn årene.

– Norske bønder er eigentleg veldig nøgde. Men vi har ei tydeleg meining om kva retning vi skal gå i. Vi har lyst til å produsere meir klimasmart og berekraftig mat på lokale ressursar, og ikkje ha ein landbruksproduksjon som er basert på importerte råvarer, seier Birte Usland i Vest-Agder Bondelag.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %