Hopp til innhold

Her har lynet herja dei siste dagane

Sommaren her «høgtid» for lynnedslag. Fleire stader på Sørlandet har lynet ført til store skader og brannar.

Lynnedslag på Sørlandet

Sintef Energi registrerer lynnedslag. Her er oversikt over lynnedslag på Sørlandet 1. juli.

Foto: Sintef

Lyn og torden (Arkivfoto)

Lyn og tore har herja på Sørlandet dei siste dagane.

Foto: Dag O. Bollingmo

Lynet starta dei første herjingane førre laurdag. Då var det i havet utanfor Arendal og vest for Moi i Rogaland som fekk kjenne nedslaga.

Sintef registrerte kring 600 lynnedslag denne dagen.

– Dette typisk sommarvêr når vi har ustabile luftmassar som gir regnbyer. Ein del av desse kan bli ganske kraftige. Dette har vore ein typisk vêrsituasjon dei siste dagane, seier statsmeteorolog Aurora Stenmark til NRK.

3000 berre tysdag

Den tøffaste dagen var tysdag. Då var det frå Lyngdal og vestover som vart tøffast råka. Sintef registrerte opp mot 3000 lynnedslag.

– Vi hadde to lynnedslag som førte til skader. Ei hytte brann ned på Hausvik. I tillegg vart eit tre treft i Kvås, slik at det byrja å brenne, seier ordførar i Lyngdal, Jan Kristensen.

Måndag denne veka vart det registrert kring 800 lynnedslag i Kristiansand-området.

Trass i at uvêret førte til ein hyttebrann skremmer ikkje det ordføraren.

– Dette er typisk sommarvêr. Eg føler ikkje at det var det mest kraftige vi har opplevd tidlegare, men det var nok kanskje verre litt lenger inn i landet, seier han.

Førebu deg på meir

Totalt har Sintef registrert kring 5000 lynnedslag på Sørlandet dei siste fem dagane. Ifølgje statsmeteorolog Aurora Stenmark har vi meir lyn og tore i vente.

– Det ser bra ut fredag, då blir det nok roleg. Men laurdag får vi kald luft inn frå vest og varm og fuktig luft frå sør. Då kan det bli mykje regn og regnbyer med tore, seier Stenmark.

I Kristiansand førte eit lynnedslag til store skader på eit hyttetak på Justnesøya i Kristiansand.

– Det ser ut som om det er sprengt her. Det var godt det ikkje var folk der lynet slo ned. Då hadde det vore det siste dei gjorde, sa Kåre Aasen, som eig hyttetomta til NRK onsdag.

Kraftig materielle skader på hytte på Justnesøya

Sjå kva skader ei hytte vart påført etter lynnedslag i Kristiansand.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %