Hopp til innhold

Dette ventar Tripic i Greuther Fürth

Start-spelar Zlatko Tripić (22) har signert for ein klubb som har vunne den tyske serien tre gonger. – Ein hardtarbeidande klubb, seier Jan Åge Fjørtoft.

FBL-GER-BUNDESLIGA-FUERTH

Greuther Fürth-supportarar feirar opprykket til Bundesligaen i 2012.

Foto: DAVID EBENER / Afp

Men vi må heilt tilbake til 1929 for å finne året klubben sist vart tysk meister. Klubben har to seriemeisterskap i tillegg (1914 og 1926).

Greuther Fürth spelar heimekampane sine på Stadion am Laubenweg. Stadion har ein tilskodarkapasitet på 18 000. Klubben spelar i grønt og kvitt.

Det er Frank Kramer som trenar klubben, som spelar på nivå to i Tyskland.

Ein sesong i toppdivisjonen

Jan Åge Fjørtoft

Jan Åge Fjørtoft er ekspert på tysk fotball.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

I 2012 rykte klubben opp til Bundesligaen. Laget rykte ned igjen året etter då dei enda sist på tabellen.

I fjor vart laget nummer tre i 2. Bundesliga, berre to poeng unna opprykk.

– Det er ein hardtarbeidande klubb, som mange andre mindre klubbar i Tyskland, som jobbar veldig godt, seier tidlegare Tyskland-proff og ekspert på tysk fotball, Jan Åge Fjørtoft til NRK.

Denne sesongen har laget slite med å hevde seg og er langt unna opprykk. Laget ligg heilt nede på 12. plass. Dei er ti poeng bak Karlsruher SC som er nummer to, den siste opprykksplassen.

– Dei var oppe i toppdivisjonen ein tur og er ein bra klubb. Så har dei ein sportsdirektør som er kompis av meg. Det må jo vere eit kvalitetsstempel, fleipar Fjørtoft.

Fleire tidlegare eliteseriespelarar

Greuther Fürth held til i byen Fürth som har nesten 120 000 innbyggjarar. Byen ligg sør i Tyskland.

Tripic blir mellom anna lagkamerat med tidlegare Brann-spelar Zsolt Korcsmár i den tyske klubben. Tidlegare FK Haugesund-spelar Nikola Djurdjic har også spelt i Greuther Fürth.

Om Tripic vil passe inn i klubben vil ikkje Fjørtoft spekulere i.

– Det er mange x-faktorar som spelar inn når du går til ein ny klubb. Det er umogleg å seie om han vil lukkast, seier han.

Fleire norske spelarar

Tripic kan komme til å møte fleire norske spelarar i 2. Bundesliga. Både Håvard Nielsen, Vegar Eggen Hedenstad og Mushaga Bakenga spelar i Eintracht Braunschweig. Even Hovland spelar for Nürnberg.

I Kaiserslautern spelar den tidlegare Tromsø-spelaren Ruben Yttergård Jensen. Drammensaren Henrik Gulden spelar i VfL Bochum, medan Mathis Bolly er under kontrakt med Fortuna Düsseldorf.

Fürth
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %