– Det er ein større andel menn enn kvinner som har korsryggsmerter. Viss eg har ti pasientar, så er kanskje sju av dei menn.
Mannen som nettopp gav halvparten av jordas befolkning ei god unnskyldning for å klage over ryggsmerter, er kiropraktor Kenneth Halvorsen frå Kristiansand.
Han er ein av fleire fysioterapauter og kiropraktorar NRK har vore i kontakt med som kan bekrefte at fleirtalet som slit med ryggproblem er menn.
Mindre plass til nervane
Halvorsen fortel at reint fysiologisk er menn meir utsett for ryggsmerter enn kvinner, fordi knoklane i ryggen er større. Dermed blir det mindre plass til nervane, som lett kjem i klem.
Men viss du som les dette er av det mannlege kjønn, så må du ikkje ta «gledene» på forskot.
Halvorsen seier at andre årsaker til at ein får vondt i ryggen kan vere at ein trur ein er sterkare enn det ein faktisk er.
– Gutar er gutar, det blir ofte litt ekstra belastning. Der er kanskje damer smartare.
Må bli betre på førebygging
På behandlingsbenken til Halvorsen ligg 34 år gamle Viesnea Kim Chau. Han arbeidar i byggevarehandel og merkar det i korsryggen.
– Det er skadar frå yngre tider som ein ikkje legg merke til før ein blir eldre, eventuelt kan det ha med feilløfting på jobben å gjere.
Administrerande leiar i Ryggforeningen i Norge, Stein Andresen, seier mange menn som får problem i korsryggen brukar kiropraktor for å halde seg i arbeid. Han meiner ein burde vere flinkare med førebyggjande arbeid.
– Det burde kunne gis meir undervisning til desse mennene for korleis dei skal førebyggje dette. Ein tenkjer ikkje så veldig mykje på ryggen før det smell.
Menn skal vere tøffare
Andresen fortel at i Ryggforeningen i Norge er omtrent 30 prosent av medlemmane menn. Dette kjem blant anna av at nokre diagnosar dominerast av kvinnelege pasientar.
Men det handlar også om at nokre menn ikkje vil innsjå at dei har problem.
– Det er lettare for kvinner å gjere noko med det når dei har vondt. Menn skal vere litt tøffare, det tek tid før dei innrømmer at dei må gjere noko.
Han fortel at det difor er store mørketal i statistikken.
– Vi veit at det er veldig mange menn som er redd for operasjonar, langt fleire enn kvinner. Då blir aldri dette ført i nokon statistikk i Noreg i det heile.
- Les også: