Hopp til innhold

– Altfor tidleg å sveve på ei sky

ØIF Arendal verkar nærast uslåelege etter å ha vunne åtte strake kampar. Klubben toppar eliteserietabellen for første gang, og skal spele semifinale i cupen.

Svenn Erik Medhus, ØIF Arendal

Svenn Erik Medhus i kjend stil denne sesongen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

ØIF Arendal

ØIF-spelarane jublar for siger.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Trenar Marinko Kurtovic har teke ØIF Arendal heilt i toppen av eliteserien.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK
– Eg har ei veldig god kjensle i dag. Eg kan berre gå å kose meg. Det er ei utruleg deillig kjensle i magen, seier ØIF-keeper Svenn Erik Medhus til NRK.

Søndag kveld slo ØIF Arendal Haslum 18-17 i Nadderudhallen. Sigeren var den sjette i eliteserien på rad. Reknar du med cupen står sørlendingane med åtte strake sigrar.

Har fått tilbake trua

Medhus har fått mykje skryt etter storspel, og har kanskje vore ØIF sin viktigaste spelar så langt.

– Det er alltid kjekt å få skryt. Men eg tenker eigentleg mest på laget sine prestasjonar. At vi leiar serien og skal spele semifinale i cupen neste veke, seier Medhus.

Etter ein skuffande fjorårssesong har trenar Marinko Kurtovic verkeleg fått sving på eliteserieklubben. Medhus meiner sjølvtillit er hovudårsaka til suksessen så langt.

– Vi hadde ei god oppkøyring. Så har vi fått trua på oss sjølve etter å ha vunne mange kampar, seier han.

Allereie no rettar han fokuset inn mot semifinalen i cupen mot Elverum neste onsdag.

Trur på full hall

– Vi må halde fram med å nullstille oss etter kvar kamp, og ikkje bli høge på oss sjølve. Vi må jobbe knallhardt. Det er altfor tidleg å byrje å sveve på ei sky. Allereie i morgon er det ny handballøkt, og då byrjar vi å tenke på semifinalen, seier han.

– Det vert ein vanvitig tøff kamp. Vi slo dei i serien heime og dei vil nok revansjere det sure tapet dei fekk der. Men vi har tru på oss sjølv og vi skal gi dei skikkeleg juling. Det er alltid moro å banke Elverum, seier han.

ØIF Arendal er eitt av dei store publikumslaga i eliteserien. Mot Elverum vert det truleg utselt. Allereie før helga hadde klubben selt kring 800 billettar.

– Vi hadde ein buss med supportarar med til Haslum. Dei var heilt suverene på tribuna. Vi ventar 2500 tilskodarar neste onsdag, seier Medhus.

Svermen - ØIF Arendals supporterklubb

Det vert truleg rift om billettane til semifinalen i cupen mot Elverum.

Foto: NRK Sorlandet

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %