Hopp til innhold

Nærmar seg 1000 selde billettar til semifinale

ØIF Arendal ventar full hall når dei tek imot Elverum i semifinalen i cupen i handball.

Sør Amfi

Hallen vert truleg fullsett når ØIF Arendal spelar semifinale mot Elverum 5. november.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Per Carsten Michelsen, ØIF Arendal

Per Carsten Michelsen.

Foto: NRK Sorlandet

– Vi har 800 billettar ute allereie. Vi har kring 2300 billettar vi kan selje. Eg trur ikkje det blir mogleg å få tak i mange billettar på kampdag, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen til NRK.

– Når folk høyrer ordet finale er det mange som vil ta del i, og vere med på å sjå at vi forhåpentlegvis gjer ein knallkamp mot Elverum, seier han.

Klubben er på si største medgangsbølgje i eliteserien nokosinne. I tillegg opplever dei altså suksess i cupen. Dei har ikkje tapt ein kamp sidan 10. september i serieopninga mot Bodø.

– Forventningar til klubben

Det betyr at laget kan ta sin åttande siger på rad, dersom dei slår Haslum søndag.

Etter det ventar Elverum i semifinalen i cupen 5. november.

– Vi har ein enklare jobb med å fylle hallen i haust, samanlikna med i fjor haust. No er det mange gratulasjonar og folk ser fram til semifinalen, seier Michelsen.

– Folk er i ferd med å få store forventningar til laget. Så får vi håpe vi klarer å innfri, seier han.

For to år sidan spelte ØIF Arendal finale i seriesluttspelet. Der vart det tap mot nettopp Elverum.

Kan auke tilskodarkapasiteten

Dersom laget spelar seg til cupfinalen i desember vil det vere ØIF sin første finale i NM.

– Sørlendingar er sultefora på titlar når det gjeld lagidrett. Kan vi bidra til å stagge svolten litt, så er eg glad om vi får til det, seier han.

Han understrekar at klubben kan auke tilskodarkapasiteten litt, dersom det trengs.

– Vi kan sette i verk tiltak i samarbeid med brannvesen og dei som driftar hallen. Då kan vi løfte tilskodartalet med nokre hundre. Ser vi at det vert naudsynt, så kan vi gjere grep, som gjer at forhåpentlegvis alle som vil sjå semifinalen, skal få det, seier han.

Andre Jørgensen Hofstøl, ØIF Arendal

ØIF Arendal flyr høgt om dagen. Klubben kjempar om cupfinale og er heilt i toppen i eliteserien.

Foto: NRK Sorlandet

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %