– Eg håpar at eg skal vere med og prege resultatlista i toppen. Det hadde vore kult å komme på pallen i verdscupen samanlagt. Dessutan er eg veldig nær førsteplassen i verdscupen i skiflyging, seier Anders Fannemel.
Saman med resten av hopplandslaget reiser han torsdag til Lahti. Han har hatt nokre rolege dagar etter suksessen i Vikersund og Falun – men no blir det full fres i to og ei halv veke.
I tur og orden ventar Lahti, Kuopio, Granåsen, Holmenkollen og Planica.
- Les også:
Skal bli verdas beste skihoppar
Fannemel er suverent beste nordmann i verdscupen samanlagt, der han ligg på fjerdeplass med 1058 poeng. Opp til Peter Prevc i teten er det om lag 200 poeng, men det er mogleg å måle krefter med Stefan Kraft og Severin Freund på andre- og tredjeplass.
Sjansane til å vinne samanlagt er likevel langt større i verdscupen i skiflyging, der det er kort veg opp til toppen. Det heile blir avgjort i Planica.
– Det er eit teikn på at eg er ein av dei beste hopparane når eg ligg i toppen. Eg har lyst til å vere verdas beste skihoppar, og å vinne verdscupen samanlagt er eit steg på vegen, seier Fannemel.
Er sliten er ein lang sesong
Honndølen skapte virak i heile idretts-Norge då han ikkje landa før på 251,5 meter i Vikersund. Med verdsrekord i bagasjen reiste han til VM i Falun, der han heldt fram den stabilt gode hoppinga i verdstoppen.
Individuelt vart det ein sjuandeplass som beste resultat i den store bakken, men saman med resten av hopplandslaget avslutta Fannemel meisterskapen med VM-gull i lagkonkurransen.
- Les også:
– Det fungerer veldig bra om dagen, og det har det eigentleg gjort i heile vinter. Men eg er på eit litt høgare toppnivå no, seier han.
– Korleis er formen før innspurten?
– Eg er litt sliten etter ein lang sesong. Men det reknar eg med at dei andre er også, så det er berre å køyre på med det ein har igjen av krefter og overskot.