– Eg fekk til eit rimeleg strøkent hopp, sa Fannemel til NRK med det som nærma seg tidenes underdrivelse.
Dermed er rekorden tilbake på norske hender.
og sletta Johan Remen Evensens 246,5 meter frå 2011.I dag gjorde Fannemel kort prosess med det resultatet.
– Eg klarte å la vere å veive så mykje som eg ofte gjer, og fekk skiene godt under meg. Det gav god høgde over kulen. Hoppet var vel nokså nær det som eg kan få til, sa Fannemel.
Den jordnære (!) honndølen gliste frå øyre til øyre etter hoppet, og verka heilt avslappa før andre omgang.
Video: – Eit rimeleg strøkent hopp, sa Fannemel til NRK
NRKs kommentator Johan Remen Evensen spådde allereie for mange dagar sidan at Fannemel skulle setje rekord i Vikersund denne helga.
.Rørt landslagssjef
Landslagssjef Alexander Stöckl var rørt etter hoppet.
– Ja, eg er det. Dette var eit fantastisk hopp. Og at han klarer å stå så godt på dette, er ein prestasjon. Eg har nesten ikkje ord, sa Stöckl med ein klump i halsen.
– Det var eit perfekt hopp, det aller beste eg nokon gong har sett av Fannemel.
– Kva med andre omgang, det vart eit antiklimaks?
– Ja, men det er ikkje så rart. Det er vanskeleg å få adrenalinen ut av kroppen og pulsen ned igjen, og å kome seg på topp igjen etter ei slik utladning. Og det andre hoppet var ikkje dårleg, det heller, seier Stöckl.
Video: Alexander Stöckl var rørt etter Fannemels rekordhopp
– Det er nesten ei uverkeleg stemning her no. Og det med god grunn, sa kommentator Christian Nilssen i pausen.
Antiklimaks i andre omgang
Resultatmessig vart andre omgang eit antiklimaks. Fannemel fekk ikkje den rette høgda, og landa på 202 meter.
– Det funka ikkje. Eg fekk ikkje nullstille meg etter første omgang, og hoppet var nokså fysisk krevande. Det tok i låra mine, og eg fekk ikkje den rette kjensla.
– Men eg er godt fornøgd med helga. Det er det råaste eg har gjort, seier Fannemel før han spring avgarde til premieutdeling.
Anders Fannemel klarte likevel andreplassen. Tredjeplassen gjekk til Johan Andre Forfang som tok sin aller første pallplassering i verdscupen.
Freund vann med 245 meter
Severin Freund vann rennet. Han slo til med 245 meter i andre omgang, og var heile 42,7 poeng framfor Fannemel.
– Då eg stod på toppen før siste hoppet, trudde eg ikkje at eg skulle klare å slå Anders. Men eg fekk fin flyt i hoppet i dag, sa Severin Freund etter svevet på 245 meter.
Dmitrij Vassiliev hoppa 254,5 meter i kvalifseringa tidlegare i dag, men han fall. Dermed var det ikkje offisiell verdsrekord.
Men det fekk juryen til å gå ned på farten i første omgang. Det gav eit grått og kjedeleg renn med få hopp over 200 meter.
Heilt til Anders Fannemel hoppa.
PS: Vi har sett dei beste skiflygingsrenna i historia denne helga. Av dei seks lengste hoppa i historia har fem kome i Vikersund dei tre siste dagane. I tillegg til det lengste av dei alle – Vassilievs 254,5 med fall. Sjekk faktaboks.