Med fire mot ei røyst gjekk formannskapet inn for å ikkje opne dørene for dei to kommunane på sørsida av Førdefjorden.
- Sjå direkte: I dag skal Jølster bestemme seg
– Det blir som å starte prosessen på nytt. Høyringa har spesifikk gått på Jølster, Gaular, Naustdal og Førde, seier ordførar Håkon Myrvang (Ap).
Ynskjer med
Vel ein tredjedel ville at Naustdal skulle stå på eigne bein då innbyggjarane sa sitt i byrjinga av månaden. Nokre få prosent færre røysta for det som blir omtala som «liten Sis», altså ein storkommune med Jølster, Gaular og Førde.
I både Fjaler og Askvoll håpar dei å bli invitert inn i varmen i «liten Sis» når HAFS-alternativet er lagt dødt. Til no har både Jølster og Naustdal vore skeptiske.
I dag tek kommunestyret i Jølster stilling til om ein skal opne dørene for Fjaler og Askvoll.
– No konsentrerer formannskapet i Naustdal seg om liten Sis, seier Myrvang.
– Kvifor halde Fjaler og Askvoll på utsida?
– Det har vore ein prosess der ein har vore tydelege på kva kommunar som er del av dette. Det har vore nemnt fire kommunar, pluss Flora.
I juni skal Naustdal gjennomføre ei innbyggjarhøyring, og håpar å ha svar på den innan 10. juni. I slutten av same månad ventar politikarane ei endeleg avgjerd i saka.